14.24. Kretskort

14.24.1. Oversyn

Figur 17.378. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Filteret «Kretskort» brukt.


Filteret kretskort fyller det valde området eller alfakanalen med eit mønster som kan likne det du finn på kretskorta («printbretta») inne i elektronisk utsyr. Resultatet kan ofte forbetrast ved å legge eit fargeovergangslag over mønsterlaget.

[Tips] Tips

Effekten ser ut til å verta best på ulikeforma utval, truleg på grunn av avgrensingar i formlane som vert brukte for å laga labyrinten.

Dersom biletet er indeksert, er denne menyoppføringa gråa ut og utilgjengeleg.

[Notat] Notat

Filteret lagar eit gråtonebilete i RGB-modus.

Resultatbiletet er uavhengig av originalbiletet.

14.24.2. Aktivering av filteret

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterTeikningarKretskort….

14.24.3. Innstillingar

Figur 17.379. Innstillingane for filteret «Kretskort»

Innstillingane for filteret «Kretskort»

Maskestorleik

Denne innstillinga vert brukt til å setja verdien for filteret oljemaling i pikslar frå 3 til 50. Større verdiar gjer strekane meir utydelege. Normalverdien er 17.

Startverdi

Startverdien er ein verdi frå 1 til 3 000 000 som vert brukt for å laga eit tilfeldig frø. Normalverdien er 3.

Ingen bakgrunn (berre for delte lag)

Er denne avmerka, vert mørke område av teikninga gjennomsiktige slik at bakgrunnsbiletet er synleg gjennom desse hola. Valet Del laga må vere avkryssa for at denne funksjonen skal verke. Valet er normalt ikkje avmerka.

Behald utvalet

If an active selection exists when this script is called, you can keep the selection and its marching ants with this option. This option is enabled in default settings.

Del laga

Når det er avmerkt for denne funksjonen, som er normalinnstillinga, vil filteret opna eit nytt lag og teikna på dette. Er funksjonen ikkje avmerkt, vert kretskortet teikna på det aktive laget.

14.24.4. Slik lagar du kretskorteffekten

Denne effekten vert laga gjennom følgjande steg:

  1. Filteret køyrer først filteret labyrint med 5 pikslar brei strek og kantane sett med den såkalla «depth first» algoritmen. Mønsteret for labyrinten vert sett ut frå verdien i Startverdi i kretskortmenyen.

  2. Labyrinten vert deretter teikna over med filteret oljemaling med penselbreidda bestemt av maskestorleik.

  3. Det neste steget er å forsterke kantane på den oljeutsmørte labyrinten med filteret sobelrelieff med utglattingsverdien sett til 2,0. Dette lagar høg kontrast som på eit printbrett.

  4. Til slutt vert biletet avmetta til gråfargar i RGB-modus.