8.53. Palettutglatting

8.53.1. Oversyn

Figur 16.228. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret «Palettutglatting»


Filteret lagar ein stripete palett av fargane i det aktive laget eller det aktive utvalet. Hovudføremålet med dette filteret er å lage fargekart til bruk med filteret Flamme.

[Notat] Notat

Denne kommandoen verkar berre på RGB-bilete. Viss biletet er i gråtone eller er indeksert, er denne menyoppføringa slått av.

8.53.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til filteret frå hovusmenyen via FargarInfoPalettutglatting.

8.53.3. Innstillingar

Figur 16.229. Innstillingane for «Eksporter histogrammet»

Innstillingane for «Eksporter histogrammet»

Breidd, Høgd

Du kan setja breidde og høgde for paletten. Dersom lenka ikkje er broten vil desse to vere lenkja saman. Du bryt eller opnar lenka ved å klikke på lenkesynbolet. Du kan også velje andre einingar enn pikslar dersom dette er ønskjeleg.

Søkjedjupn

Aukande søkjedjupn (1 - 1024) resulterer i fleire fargesjatteringar i paletten.