14.29. Spyrogimp

14.29.1. Oversyn

Figur 17.391. Eksempel på bruk av filteret «Spyrogimp»

Eksempel på bruk av filteret «Spyrogimp»

«Spyrogimp» er brukt


Dette filteret teiknar spirografiske, epitrochoids og lissajous-kurver. Du kan få tilbakemeldingar straks om du teiknar på eit mellombels lag.

Det reproduserer kurver teikna med Spirograph©-leiketøy. Her er eit eksempel frå Wikipedia som viser kva gir og hol er:

Roterande gir er inne i fast gir og berre eitt hol er brukt.

14.29.2. Aktivering av filteret

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterTeikningarSpyrogimp…

14.29.3. Utval og verktøy

Mykje av det programtillegget gjer vert bestemt av innstillingar sette utføre programtillegget, som det gjelande utvalet eller innstillingane for GIMP sine verktøy. Desse innstillingane kan endrast medan programtillegget køyrer.

[Notat] Notat

I motsetnad til innstillingane i programtillegget, vil endringar i verktøyinnstillingane ikkje teikna mønsteret på nytt. For å visa endringane må du klikka på knappen Teikna på nytt nedst i vindauget for programtillegget.

14.29.3.1. Det gjeldande utvalet

Som i dei fleste programtillegga, bestemmer det gjeldande utvalet kvar mønsteret skal teiknast. Som oftast er dette eit firkanta utval. Men det er likevel ein annan måte å bruka utval på også.

Utvalet kan brukast som form for det faste giret (i fana Fast gir). Programtillegget vil prøva å trekkja ut former frå utvalet og teikna eit mønster inne i kvar form. Dette er meir interessant viss du vel eit ikkje-rektangulært utval.

For å få mønsteret til å gå ut til grensene til figurane, bruk holprosent=100.

14.29.3.2. Verktøyinnstillingar

Spyrogimp brukar verktøya i GIMP for å utføra teikninga. Alle innstillingane for teikninga vert henta frå desse verktøya. Viss du for eksempel ønskjer å bruka blyant (ved å velja det frå Verktøy-menyen), vert alle innstillingane for dette verktøyet brukte i teikninga. Du kan endra alle verktøyinnstillingane medan programtillegget køyrer og trykkjer knappen Teikna på nytt for å sjå resultatet.

14.29.3.3. Innstillingane for fargeovergang

Når du brukar modus lang fargeovergang vert nokre av innstillingane for fargeovergangen brukte.

14.29.4. Innstillingar

Du finn dei fleste innstillingane under dei tre fanene «Kurvemønster», «Fast gir» og «Storleik».

Figur 17.392. Innstillingane for filteret «Spyrogimp»

Innstillingane for filteret «Spyrogimp»

14.29.4.1. Vala oppføre fanene
Kurvetype

Dei tilgjengelege kurvetypene er: Spyrograf, Epitrokoid, Sinus og Lissajousfigur. Desse svarar til fysiske modellar for å teikna dei ved å bruka andre gir og fjører. Spyrograf og Epitrokoid kurver vert laga ved å bruka to gir ‒ eit fast gir og eit roterande gir. Eit Spyrograf-mønster vert laga når eit roterande gir roterer inne i eit fast gir. Når det roterande giret er utføre det faste giret, vert det laga eit epitrokoid-mønster. Sinus-kurva brukar det faste giret, men i staden for det rotertande giret er det ei fjør som rører seg vinkelrett på kanten av det faste tannhjulet. Lissajous-kurva vert laga ved at to fjører flyttar seg langs X- og Y-aksen. Her vert den faste ringen ikkje brukt, så det nyttar ikkje å endra på denne.

Figur 17.393. Kurvetypar i «Spyrogimp»

Kurvetypar i «Spyrogimp»

Kurvetypar frå venstre mot høgre: Spyrograf, Epitrokoid, Sineus og Lissajous.


Verktøy

Verktøya i GIMP som vert brukte for å teikna mønsteret. Det første verktøyet har fått namnet Førehandsvising og føremålet med dette er teikna fort og gale for å visa mønsteret. Dei andre tilgjengelege verktøya er : Målarpensel, Blyant, Luftpensel, Strek opp, Blekk og MyPaintBrush.

Lang fargeovergang

Når denne ikkje er merkt av vert dei gjeldande verktøyinnstillingane brukte ‒ dette kan anten laga ein fargeovergang eller ikkje, avhengig av verktøyinnstillingane. Når denne er merkt av, vil programtillegget produsera ein lang fargeovergang for å passa til lengda på mønsteret. Denne er basert på den gjeldande fargeovergangen, innstillingane for «reverser» og gjenta-modusen frå innstillingane for fargeovergangen. Ved å setja Gjenta til Triangelbølgje vil laga eit mønster som endrar seg kontinuerleg utan avbrotne toppar. Dette vert gjort ved å bruka fargeovergangen saman med den reverserte fargeovergangen. Alle andre innstillingar for Gjenta vil berre bruka fargeovergangen frå byrjinga til slutten.

Figur 17.394. Eksempel på bruk av lang fargeovergang i0 «Spyrogimp»

Eksempel på bruk av lang fargeovergang i0 «Spyrogimp»

Det venstre biletet, utan lang fargeovergang, brukte målarpenselen med ein fargeovergang. Dei to bileta til høgre vart laga med den same fargeovergangen, men med Lang fargeovergang. Biletet til høgre brukte modus TriangelbølgjeGjenta.


14.29.4.2. Fane for kurvemønster

Figur 17.395. Innstillingane for filteret «Spyrogimp» (kurvemønsteret)

Innstillingane for filteret «Spyrogimp» (kurvemønsteret)

Den indre fana i Toi Kit er vist til høgre.


Spesifiser eit mønster ved å bruka fanene Gir, Toy Kit eller Visuell. Mønsteret er basert berre på innstillingane i den valde fana. «Toy Kit» gjer det same som «Gir», men brukar talet på gir og hol sett i «Toy Kit». Viss du følgjer instruksjonane i handboka for «Toy Kit» bør du få nokolunde dei same resultata.

Tenner i fast tannhjul

Talet på tenner i det faste tannhjulet. Storleiken på det faste hjulet er proporsjonal med talet på tenner.

Tenner i det roterande hjulet

Talet på tenner i roterande tannhjul. Storleiken på det roterande hjulet er proporsjonal med talet på tenner.

Holprosent

Kor langt holet er frå midten av det roterande hjulet. 100 % betyr at holet er på kanten av hjulet.

Fana Toy Kit har også innstillingar for Tenner i fast tannhjul og Tenner i det roterande hjulet. I dette tilfellet er dei avgrensa til girstorleiken som er sett med «Toy Kit» for å teikna spyrografar.

Holnummer

Hol nr. 1 er på kanten av hjulet. Det høgste holnummeret er nær midten. Det høgste holnummeret er ulikt for kvart hjul.

Figur 17.396. Eksempel med «Spyrogimp» Toy Kit

Eksempel med «Spyrogimp» Toy Kit

Toy Kit hjelper til med å gjenoppretta utformingane frå «toy kit». Biletet til venstre brukar eit 105 fast gir og eit 30 (blå), 45 (grøn) og 60 (raud) roterande gir der kvart roterande gir vart brukt fleire gonger med hol varierande frå 3 til 7. Biletet til høgre brukar også 105 fast ring med roterande ring 24 (hol nummer 4) og roterande ring 80 (hol nummer 16, 18 og 20).


Figur 17.397. Innstillingane for filteret «Spyrogimp» (kurvemønsteret)

Innstillingane for filteret «Spyrogimp» (kurvemønsteret)

Fana Visuell er vist i midten til høgre.


Fana Visuell lagar fleire avrunda blomebladliknande mønster. Fana har desse innstillingane:

Blomsterkronblad

Kor mange blomeblad som skal teiknast.

Hopp over kronblad

Kor mange blomeblad som skal hoppast over.

Holradius (%)

Storleiken på hola.

Breidd(%)

Breidda på teikninga.

Nedføre fanene er det eit anna val.

Roterering

Rotering av mønsteret i grader. Startposisjonen for det roterande giret i det faste giret. Merk at dette også endrar mønsteret når det teiknar Lissajouskurver.

14.29.4.3. Fana for fast gir

Figur 17.398. Innstillingane for filteret «Spyrogimp» (fast gir)

Innstillingane for filteret «Spyrogimp» (fast gir)

Form

Forma på det faste hjulet som skal brukast i det gjeldande valet.

  • Sirkel

  • Rack er ei lang form med avrunda hjørne i leiketøysettet..

  • Ramme går rundt grensene til det rektangulære utvalet, bruk hol = 100 i gir-notasjonen for å berøra grense. For å generera ei smal rammebreidde, bruk få tenner for det utstyret som rører på seg.

  • Utval vil omfamna grensene for gjeldande utval ‒ prøv noko som ikkje er rektangulært.

  • Polygon-Star går fra eit n-sidig polygon (morf = 0) til ei n-sidig stjerne (morf = 0,3) til ein merkverdig blomst (morf = 1).

  • Sinus med morf = 0 er det same som ein sirkel, men vert meir bølgjete når morfverdien aukar.

  • Humpane vert forvandla frå eit polygon (morf = 0) til ein forma sirkel.

Figur 17.399. Eksempel på former i «Spyrogimp»

Eksempel på former i «Spyrogimp»

Frå venstre til høgre, formene Sirkel, Hylle, Ramme og Utval for det faste giret. Utvalet til høgre er laga ved å velja ein stor «T» laga med tekstverktøyet.


Figur 17.400. Eksempel på bruk av «Polygon-stjerne» i «Spyrogimp»

Eksempel på bruk av «Polygon-stjerne» i «Spyrogimp»

Frå venstre til høgre, Morf = 0; 0,3; 0,6; 1


Figur 17.401. Eksempel på bruk av sinusformer i «Spyrogimp»

Eksempel på bruk av sinusformer i «Spyrogimp»

Frå venstre til høgre, Morf = 0,1; 0,3; 0,5


Figur 17.402. Eksempel på bruk av humpformer i «Spyrogimp»

Eksempel på bruk av humpformer i «Spyrogimp»

Frå venstre til høgre, Morf = 0; 0,5; 1


Sider

Talet på sider i forma.

Dette gjeld berrre formene Polygon-stjerne, Sinus, og Humpar. Elles er dette valet kopla ut.

Morf

Morf-form for fast gir.

Dette gjeld berrre formene Polygon-stjerne, Sinus, og Humpar. Elles er dette valet kopla ut.

Roterering

Rotering av det faste giret, i grader

14.29.4.4. Fana storleik

Figur 17.403. Innstillingane for filteret «Spyrogimp» (storleik)

Innstillingane for filteret «Spyrogimp» (storleik)

Marg (px)

Margen frå kanten av utvalet. Dette kontrollerar storleiken på mønsteret.

Gjer breidde og høgd like

Når denne ikkje er merkt, vil mønsteret fylla det gjeldande biletet eller utvalet. Når merkt, vert mønsteret sentrert med same høgde og breidde. Skilnaden på desse to vala vert synleg berre når breidda og høgda ikkje er like.

14.29.4.5. Knappar under fanene
Teikna på nytt

Viss du endrar innstillingane for eit verktøy, endrar farge eller endrar utvalet (altså innstillingar utanom programtillegget som endrar mønsteret), trykk denne knappen for å oppdatera førehandsvisinga for å sjå verknaden.

Nullstill

Tilbakestiller dialogvindauget til standardinnstillingane.

Avbryt

Slettar det mellombels laget og går ut av programtillegget.

OK

Teiknar mønsteret på biletet. Viss det ikkje er merkt av forBehald laget, kan dette ta ein del tid sidan mønsteret må teiknast på det aktive laget.

Behald laget

Bestemmer kva som skal skje med det mellombels laget når det vert trykt på OK. Er dette avmerkt, vert det mellombels laget uendra og programtillegget vert raskt avslutta. Viss ikkje avmerkt, vert laget sletta og mønsteret vert teikna på det gjeldande laget.

Ein grunn for å ikkje behalda laget er at ved å bruka spesifikke teiknemodus kan det å teikna mønsteret på nytt på det gjeldande laget gje mange interessante resultat. Dette kan resultera i eit anna mønster enn det som vart teikna på det nye laget.