3.4. Dialogvindauget for mønsterelement

I GIMP er eit mønsterelement eit lite bilete som vert brukt for å fylla ut område ved at kopiar av biletet vert lagt side om side. Du finn meir om dette, og om korleis du kan lage eigne mønsterelement, i avsnittet mønsterelement.

Mønsterelementa vert brukte med verktøya fyll og klone og i kommandoen fyll med mønsterelement.

Du vel mønsterelement ved å gå inn på dialogvindauget for mønsterelementa og klikka på det elementet du ønskjer. Det valde mønsteret vert vist i verktøykassen i området «Penslar/Mønsterelement/Fargeovergangar». Det følgjer med eit nokså tilfeldig utval av mønsterelement når du installerer GIMP, men det er heldigvis lett å laga nye.

3.4.1. Slå på dette dialogvindauget

Dette er eit dokkpanel som kan limast inn i andre dokkpanel. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogvindauge og dokkpanel».

Du har tilgang til det:

  • Frå verktøykassen ved å klikka på symbolet for mønsterelementet i området pensel/mønsterelement/fargeovergang (dersom du har merkt av for «Vis penslar i bruk, mønsterelement og fargeovergangar» i «Brukarinnstillingane».

  • frå biletmenyen via VindaugeDokkpanelMønsterelement,

  • frå fanemenyen i ein annan dialogmeny ved å klikka på fanen og velja Legg til faneMønster.

  • I innstillingane for kloneverktøyet og fyllverktøyet kjem det fram eit liknande dialogvindauge når du trykker på miniatyren som viser mønsterelementet. Her kan du velja mønsterelement frå ei liste. Du kan få fram det fullstendige mønsterdialogvindauget ved å trykkja på fyllsymbolet nedst til høgre i dialogvindauget. Avhengig av brukarinnstillingane du har gjort, vil eit mønsterelement vald med sprettoppmenyen berre gjelda for det verktøyet som er i bruk, ikkje for dei andre teikneverktøya. Sjå meir om dette i Verktøyinnstillingane.

3.4.2. Å bruka mønsterdialogvindauget

Rutenett/Liste-modus

I fanemenyen har du valet mellom Vis som tabell og Vis som liste. I tabellmodus vert mønstra viste i ein todimensjonal tabell. Sidan du kan sjå forma på fleire mønsterelement samstundes, er det lett å velje det du har bruk for. I listemodus vert mønsterelementa sett opp i ei liste som også viser namnet på mønsterelementa.

[Tips] Tips

I dialogvindauget vert alle mønsterelementa viste i same storleik. Dersom mønsterelementet er større enn denne ramma, vert berre ein del av elementet vist. Dette gjeld både i listemodus og i tabellmodus. Ønskjer du å sjå elementet i full målestokk, klikkar du på det og held nede museknappen ei lita stund.

[Notat] Notat

I fanemenyen kan du finna kommandoen Storleik på førehandsvisinga som gjev deg høve til å velja mellom ulike visingsformat.

Figur 15.30. Dialogvindauget for mønsterelementa

Dialogvindauget for mønsterelementa

Listeform

Dialogvindauget for mønsterelementa

Tabellform


Å bruka dialogvindauget (tabellform)

Øvst i dialogvindauget finn du namnet på det gjeldande mønsterelementet og storleiken målt i pikslar.

I midten finn du eit oversyn over alle tilgjengelege mønsterelement med det gjeldande elementet utheva. Klikkar du på eit av dei andre elementa, vert dette det gjeldande, noko som vert vist ved at det dukkar opp i verktøykassen.

Å bruka dialogvindauget (listeform)

I denne visinga vert mønsterelementa viste som ei liste saman med namn og format på kvart element. Også her kan du klikka på eit element for å gjera det til det gjeldande.

Dersom du dobbelklikkar på eit mønsternamn, får du høve til å skriva inn eit nytt namn. Dette er likevel avgrensa til å gjelda mønster du sjølv har laga eller lagt inn. Dei som følgjer med GIMP kan du ikkje gjera noko med. Rett nok kan du tilsynelatande endra namnet, men så fort du trykkjer Enter, vert det gamle namnet det einaste som er i bruk.

Alt i listemodus verkar elles slik det gjer det i tabellmodus.

Knappar

Det er tre knappar nedst har desse funksjonane:

Dupliser mønsteret

Trykk på denne knappen for å laga ein kopi av det gjeldande mønsteret. Kopien vil få same namnet som originalen, men med «kopi» i tillegg.

Fjern mønsterelement

Trykkjer du på denne knappen, vert mønsterelementet fjerna både frå dialogvindauget og frå den personlege patterns-mappa di. Merk at du kan fjerna berre dei mønsterelementa som ligg i filer du har skrivetilgang til. Du kan såleis ikkje fjerna mønsterelement som vart installerte saman med GIMP eller er installerte i systemmappa patterns.

Oppdater mønsterelementa

Trykk på denne knappen for å la GIMP leite gjennom mønsterfilene for å leggja eventuelle nye mønsterelement til lista. Dette er enklare enn å opna GIMP på nytt for å lasta inn nye mønsterelement du måtte ha lagt til i mappa.

Opne mønsterelement som bilete

Klikk på denne knappen for å opna det gjeldande mønsterelementet i eit nytt biletvindauge slik at du kan redigera det. Diverre kan du (førebels) normalt ikkje lagra resultatet som «.pat»-fil, sjølv om du gjev det nytt namn. Du får meldinga «Denied permission» (ikkje tilgang) fordi desse biletfilene er i «root». Sidan Windows på dette området er meir open, kan du derimot lagra dersom du brukar denne plattforma.

3.4.2.1. Sprettoppmenyen for mønsterelement
Oversyn

Du kan få fram denne menyen ved å høgreklikka på eit mønster. Denne menyen gjev deg stort sett dei same vala som er tilgjengelege frå knappane nedst i dialogvindauget. Desse operasjonane er dokumenterte her.

Opne mønsterelement som bilete, Fjern mønsterelement, Oppdater mønsterelementa

SjåDialogvindauget for mønster.

Kopier mønsteradressa

Kopier mønsteradressa gjer at du kan kopiera stien til det valde mønsteret inn i utklippstavla.

Vis i filhandsamaren

Vis i filhandsamaren opnar plasseringa til mønsteret i standard filutforskar.

3.4.3. Tagging

Du kan bruka taggar for å reorganisere visinga av palettane. Sjå Del 3.7, «Tagging».

3.4.4. Mønster på utklippstavla

Når du brukar kommandoane «kopier» eller «klipp ut», vert det lagt inn ein kopi som det første innslaget i dialogvindauget for mønster. Dette mønsteret vert ståande til du brukar kopier- (eller klipp ut)-kommandoen igjen. Biletet forsvinn når du lukkar GIMP.

Figur 15.31. Eit nytt «tavlemønster» på utklippstavla

Eit nytt «tavlemønster» på utklippstavla

[Notat] Notat

Du kan lagra dette utklipstavlemønsteret med RedigerLim inn somLim inn som nytt mønster … så snart han dukkar opp i mønsterdialogvindauget. Sjå Del 3.10.9, «Lim inn som nytt mønsterelement».