6.7. Verktøyinnstillingar

Figur 15.75. Verktøyinnstillingane

Verktøyinnstillingane

Dette dialogvindauget vert brukt for å bestemma ein del generelle innstillingar for ulike verktøy.

6.7.1. Slå på dette dialogvindauget

Du har tilgang til dette dialogvindauget frå hovudmenyen via RedigerBrukarinnstillingar.

6.7.2. Innstillingar

Generelt

Tillat redigering av ikkje-synlege lag

Du kan redigera lag som ikkje er synlege (auge-ikonet i dialogvindauget for lag)

Lagra verktøyinnstillingane ved avslutning

Når denne er slått på, vert verktøyinnstillingane for alle verktøya lagra når du avsluttar GIMP.

Lagra verktøyinnstillingane nå

Dette lagrar straks alle gjeldande innstillingane for verktøya.

Tilbakestill verktøyinnstillingane til standarsverdiane

Dette tilbakestillar verktøyinnstillingane til standardverdiane.

Skalering

Standard interpolering

Når noko vert skalert, dvs. gjort større eller mindre, vert dei nye pikslane rekna ut ved å interpolere pikselverdiar frå kjelda. Du bestemmer her kva for metode som skal vera standard, men kan alltids endre denne etter behov i innstillingane for transformering.

Dei tilgjengelege interpoleringsmetodane er forklarte i detalj i Interpolering i dokumentasjonen for transformeringsverktøya.

Teikneinnstillingar felles for fleire verktøy

Pensel, Dynamikkar, Mønsterelement, Fargeovergangar, Utvid laga

Har du for eksempel merkt av i ruta framføre Pensel, vil den penselen du vel for blyanten også gjelda for kloneverktøyet eller andre verktøy som brukar pensel. Er ruta ikkje avkryssa, vert penselinnstillingane berre brukte for det gjeldande verktøyet.

Flytteverktøyet

Set lag eller bane som gjeldande

By default, the Move Tool does not change which layers or paths are selected. When you enable this setting, the layer or path you are moving is set as the active layer or path.