4.5. Flytande

Undermenyen Flytande inneheld kommandoar for å omforma eit utval til eit «flytande utval».

Eit flytande utval (også kalla eit «flytande lag») er ei form for førebels lag med dei same funksjonane som eit normalt lag bortsett frå at du ikkje kan arbeida på andre lag så lenge det finst eit flytande lag i biletet. Det flytande laget må forankrast først. Dette betyr at det flytande laget må leggast til eit normalt lag, som oftast det laget som var gjeldande då det flytande utvalet vart oppretta eller laga det om til eit nyt lag.

[Viktig] Viktig

Du kan ikkje arbeide på andre lag så lenge biletet inneheld eit flytande utval!

Du kan bruka dei fleste lagoperasjonane på eit flytande utval, men du kan berre ha eitt flytande utval i biletet.

[Tips] Tips

Dersom du har slått på Vis laggrenser i Vis-menyen, kan det vera vanskeleg å velja ut nøyaktig det området du ønskjer. Ein måte å omgå dette på, er å laga eit rektangulær utval rundt det ønskte området og omforma dette til eit nytt lag og deretter fjerna det opphavlege laget.

4.5.1. Slik slår du på undermenyen

  • Du har tilgang til denne undermenyen frå hovudmenyen via UtvalFlytande.

4.5.2. Innhaldet i undermenyen «Flytande»

Kommandoen i undermenyen «Flytande» er forklarte nedanfor.

Klipp ut og gjer flytande

Kommandoen Klipp ut og gjer flytande klipper ut eit biletutval frå laget og omformar det til eit flytande utval.

Slå på kommandoen

  • Du får tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen via UtvalFlytande.

  • Med snarvegen Shift+Ctrl+L.

Kopier og gjer flytande

Kommandoen «Kopier og gjer flytande» kopierer utvalet frå biletlaget og omformar det til eit flytande utval.

Slå på kommandoen

  • Du får tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen via UtvalFlytandeKopier og gjer flytande.

4.5.3. Å opprette eit flytande utval automatisk

Ein del biletoperasjonar oppretter eit flytande utval automatisk:

4.5.4. Å forankra eit flytande utval

Du kan forankra eit flytande utval på fleire måtar:

  • Du kan forankra det flytande utvalet til det laget som var gjeldande då utvalet vart oppretta ved å klikka kvar som helst i biletet utanom det flytande utvalet. Dette vil fletta utvalet saman med det gjeldande laget.

  • Bruk kommandoen Forankra laget (Ctrl+H).

  • Ved å klikka på forankringsknappen i Anchor the floating Layer i Lagdialogvindauget som kjem opp når det flytande utvalet vert laga, i staden for det vanlege ikonet for å fletta lag..

  • Bruk kommandoen Til nytt lag ( Shift+Ctrl+N) for å omforma det flytande utvalet til eit nytt lag.