Dialogvindauget for eksport som HTML eksporterer biletet som ei html-fil der kvar piksel i i biletet vert representert med ein tekst med pikselfargen som bakgrunn. Ein noko liknande eksport er HTML-tabell.
Du kan eksportera biletet i dette formatet ved å velja filutvidinga «.html» eller «.xhtmlܷ extension eller velja «Farga HTML-tekst som filtype i vindauget.
|
Åtvaring |
|---|---|
|
Dette genererer svært store HTML-tabellar sjølv for små bilete og kan gjera at fillesaren arbeider veldig sakte eller til og med krasjar. |
Teikna som skal brukast for kvar piksel.
Viss denne er slått på, vert teikna brukte for kvar piksel henta frå ei fil.
Du kan spesifisera namnet på fila med teikna her. Knappen kan brukast for å opna ein filutforskar for å velja fila.
Her kan du spesifisera storleiken på teksten i html-fila.
Viss denne er slått på, vert det laga ei separat stilark i ei eige css-fil med stilane som skal brukast for å visa html-fila. Viss denne er slått av, vert stilarket inkludert i html-fila.