Eksportvindauget for «C kjeldekode» vert brukt for å eksportera biletet som kjeldekode for språket C. Koden kan setjast inn i eit program skrive i C.
Namnet på variabelen som skal innhalda biletdataa.
Ein merknad som vert lagt til biletdataa.
Merknaden vert lagt til i C-fila berre viss denne innstillinga er merkt.
Når denne er merkt, vert GLib-datatypar som «guint8» brukt. Når denne ikkje er merkt, vert reine C-datatypar brukte i staden.
Når denne er merkt, vert det brukt makroar for å definera biletdataa. Når denne ikkje er merkt, vert struct brukt i staden.
Når denne er merkt, vert biletdataa koda med «Run-Length-Encoding»-kompresjon. Ein funksjonsmakro kalla
GIMP_IMAGE_RUN_LENGTH_DECODE
vert lagt til i kjeldekodefila som kan nyttast for å dekoda biletdataa.
Når denne er merkt, vert alfakanalen lagt til i biletdataa.
Når merkt, vert biletdataa lagra i 16-bit RGB565-format ved å bruka to byte i staden for tre for å lagra biletdataa.
Med denne glidebrytaren kan du bestemma dekkevna for biletdataa.