Microsoft Windows Cursor-formatet vert brukt av Windows for å visa ikkje-animerte markørar. Det har støtte for fleire ulike storleikar og fargedjupner.
Eit format av same slagen er Microsoft Windows Icon. Dette eksportvindauget viser alle tilgjengeleg markørar. Det er fleire innstillingar for kvart markørformat.
Du kan velja formatet for kvar markørstorleik som skal lagrast. Vala er:
Indeksert format med berre to fargar.
Indeksert format med berre 16 fargar.
Indeksert format med opp til 256 fargar.
For RGB utan alfakanal.
Det mest vanlege er RGB med alfakanal.
Når denne er merkt, vert ikonet lagra som komprimert PNG-bilete. Merk at ikkje alle program kan lesa denne ikontypen.
Desse verdiane vert brukte for å setja plasseringa av lenkjeområde for denne markøren.