5.33. Eksporter biletet som JPEG XL

5.33.1. Oversyn

Biletformatet JPEG XLhar støtte for komprimering både med og utan tap. Komprimering med tap er nokså lik den som vert brukt i JPEG, men merkbart forbetra. I tillegg er det ein «modular» modus som liknar nokså mykje på komprimering med tap brukt i PNG. Det finst også ein alternativ komprimeringsmodus med tap.

Du kan eksportera biletet i dette formatet når du vel utvidinga «.jxl» eller vel «JPEG XL» som filtype i eksportvindauget.

Figur 15.81. Dialogvindauget for JPEG XL-eksport

Dialogvindauget for JPEG XL-eksport

5.33.2. Innstillingar

Utan tap

Når denne er merkt av, vert biletet eksportert med tapsfri kompresjon. Dett gjev høgare kvalitet, men fila vert større.

Når denne er merkt av, vert biletet eksportert med ikkje-tapsfri kompresjon. Dette kan redusera filstorleiken.

Komprimering/maxError

Når det ikkje er merkt av for Utan tap, vil denne innstillinga påverka graden av komprimering. Lågare verdi gjev høgare kvalitet. Ved den minste verdien på 1,0 er visinga nokså nær tapsfri.

Innsats/fart

Denne innstillinga styrer kor mykje innsats kodaren skal bruka for få til den ønskte kvaliteten påverka av parameteren Komprimering/maxError.

Ein høgare innsats kan gje meir nøyaktige resultat, men nokre gonger større filer med komprimering med tap. Det vil også bruka meir minne. Til vanleg er det ingen grunn til å endra standardverdien (ekorn).

Bitdjupn

Bestemmer om biletet skal lagrast med 8 bit, 10 bit eller 16 bit per fargekanal.

Eksporter som CMYK

Viss du har sett biletprofilen til CMYK for utskriftsimulering, kan du bruka denne innstillinga for å eksportera biletet med CMYK-profilen. Dette kan av og til vera nødvendig når du skal skriva ut biletet. Trykkeriet vil i tilfelle seia i frå om det trengst.

Viss denne innstillinga er slått av, har du ingen profil for utskriftsimulering for dette biletet. Sjå korleis du set dette i Utskriftsimuleringsprofil.

Namnet på CMYK-profilen som er i bruk vert vist nedanfor innstillingane.

Lagra Exif

Viss merkt, vert Exif metadata innebygd i det eksporterte biletet.

Lagra XMP

Viss merkt, vert XMP metadata innebygd i det eksporterte biletet.