Dette filteret finn kantane i biletet med den metoden som er vald i Algoritme.
|
Notat |
|---|---|
|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
Algoritmen som vert vald her bestemmer kva metode som skal brukast for å finna hjørnene. Desse metodane er tilgjengelege:
Dette er ein alternativ versjon av det separate Sobel-filteret. I motsetnad til det filteret, har dette ingen ekstra innstillingar som kan endrast. Dette er standard. Du finn eit eksempel øvst på sida.
Prewitt operatoren er en relativt rask algoritme, som kan vera relativt grov for høgfrekvente variasjoner i eit bilete.
Algoritmen sett til Prewitt compass
Når du brukar algoritmen for fargeovergangar, vert kantane smalare og meir sløra enn ved bruk av sobelrelieff.
Algoritmen sett til fargeovergang
Algoritmen Roberts vil forsterka endringar i intensitet diagonalt. Men det manglar tilstrekkeleg følsemd for støy.
Algoritmen sett til Roberts
Algoritmen gjer ofte kantane mindre lyse.
Algoritmen sett til differensial
Dette er ei anna implementering av Laplace-filteret som gjev ulike resultat-
Algoritmen sett til Laplace
Ein låg verdi resulterer i eit svart bilete med høg kontrast og tynne kantar. Ein høg verdi resulterer i breie kantar med låg kontrast og mange fargar i mørke område.
Bestemmer kvar kantfinnaren skal finna tilstøytande pikslar for utrekningane når han arbeider på biletkantane. Dette alternativet vil berre ha ein effekt på kantane (viss nokre). Klem er standard og oftast det beste valet.