7.7. Peikardialogen

Figur 15.130. Peikardialogen

Peikardialogen

I dette dialogvindauget får du umiddelbar informasjon om posisjonen til musemarkøren og kanalverdiane i den valde fargemodellen for den pikselen det vert peika på.

7.7.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».

Du har tilgang til dialogvindauget

  • from the main menu: WindowsDockable DialogsPointer.

  • eller frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje Legg til fanePeikar

7.7.2. Innstillingane for dialogen «Peikar»

Pikslar

Viser posisjonen til pikselen det vert peika på i x-koordinat (horisontalt) og y-koordinat (vertikalt) med det øvre, venstre hjørnet som utgangspunkt (0,0).

Einingar

Viser koordinata i tommar.

Utvalsramma

Denne informasjonen er aktiv når det finst eit utval. X og Y er koordinata for det øvre, venstre hjørnet for rektangelet som omgir både rektangel- og ellipseutvala. H og B er høgda og breidda for denne boksen.

Denne informasjonen finst også for andre utval, men er av liten interesse og avgrensingsboksane er ikkje synlege.

Informasjonen om utvalet vert ikkje endra om du bruker eit anna verktøy, men koordinata for peikaren vert endra.

Kanalverdiar

Kanalverdiane for den valde fargemodellen er viste nedanfor. Begge nedtrekksmenyane inneheld dei same vala slik at du lett kan samanlikne fargeverdiane for ein bestemt piksel i ulike fargemodellar. «Hex» er HTML-notasjonen for pikselfargen. Vala i nedtrekksmenyane er:

Piksel

Kanalverdien i RGB. Dette valet viser pikselverdiane for kvar av fargane raud, grøn, blå og alfa som tal mellom 0 og 255.

RGB

Kanalverdien i RGB. Dette valet viser pikselverdiane for kvar av fargane raud, grøn, blå og alfa som prosent og som hexadesimal.

Viser verdien av Kulør i grader. Metning, Lysverdi og Alfa for pikselen i prosent.

Kanalverdien i HSV. Dette valet viser pikselverdiane for kvar av fargane raud, grøn, blå og alfa som prosent.

Viser verdien av Cyanblå, Magentaraud, Gul, Svart og Alfa for pikselen i prosent.

Kanalverdien i CMYK. Dette valet viser pikselverdiane for kvar av fargane raud, grøn, blå og alfa som prosent.

Flett synlege

Dersom dette valet er avkryssa, som er normalinnstillinga, vil flettinga gjelde alle laga. Elles vil flettinga berre gjelde det aktive laget.