7.6. Dialogvindauget for «prøvepunkt»

Medan fargeplukkaren kan visa fargeinformasjon om ein piksel, kan dialogvindauget for «prøvepunkta» visa informasjon om opp til fire ulike pikslar i det aktive laget samstundes. Ein annan viktig skilnad er at desse punkta vert endra i sanntid når du arbeider på biletet.

7.6.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».

Du har tilgang til det:

  • frå hovudmenyen via VindaugeDialogvindaugePrøvepunkt.

  • frå fanemenyen i eit anna dialogvindauge som kan limast inn ved å klikka på fanen og velja Legg til fanePrøvepunkt.

7.6.2. Å bruke prøvepunkt

Du får fram prøvepunkta ved å Ctrl-klikka på ein av dei to linjalane i biletvindauget og dra musepeikaren inn i biletet. Det vil då koma fram to hjelpelinjer som står vinkelrett på kvarandre med prøvepunktet i kryssingspunktet. Koordinata for punktet vert viste nede i venstre hjørne og i meldingsområdet for biletvindauget. Slepp museknappen før du slepp Ctrl-knappen.

Krysset som kjem fram når du held nede Ctrl-tasten medan du dreg ut ei hjelpelinje.

Normalt vil prøvepunktet vera markert med ein liten sirkel og eit tal som viser kva nummer punktet har. Du kan slå denne visinga av ved å klikka på Vis prøvepunkt i menyen Vis.

I prinsippet skal dialogvindauget «Prøvepunkt» opna seg automatisk når du opprettar eit prøvepunkt. Dersom dette ikkje er tilfelle, må du opna det manuelt som vist ovanfor.

Flytta eller sletta eit prøvepunkt:

  • Du kan ganske enkelt klikka og dra prøvepunktet opp til ein linjal med pipetta for å sletta det.

  • Bruk av eit teikneverktøy, Ctrl +klikk og dra prøvepunktet opp til ein linjal for å sletta det.

Normalt vert prøvetakinga utført på alle laga. Dersom du i staden ønskjer å berre henta farge frå det aktive laget, fjernar du merket for Flett synlege i fanemenyen:

Figur 15.128. Menyen «Prøvepunkt»

Menyen «Prøvepunkt»

7.6.3. Beskriving av dialogvindauget «Prøvepunkt»

Figur 15.129. Prøvepunktdialogvindauget

Prøvepunktdialogvindauget

Dette vindauget viser informasjon om opp til fire prøvepunkt samstundes. Du kan oppretta fleir enn fire punkt, men desse vert ikkje viste i dialogvindauget før du eventuelt slettar nokre av dei viste punkta.

Fargen for prøvepunktet vert vist i ei rute.

I nedtrekkslista kan du velje mellom:

Piksel

Dette valet viser verdiane for raud, grøn, blå og alfa som tal frå 0 til 255.

RGB

Dette valet viser verdiane for raud, grøn, blå og alfa i prosent. Det viser også pikselfargen i hexadesimal (HTML) notasjon.

HSV

Dette valet viser kulør, metning, lysverdi og alfa i prosent.

CMYK

Dette valet viser verdiane for cyanblå, magentaraud, gul, svart og alfa i prosent.

Data vert viste for kvar kanal i den valde fargemodellen. Alfakanalen er synleg berre dersom biletet har alfakanal.

Hexa er berre tilgjengeleg i RGB-modus. Dette er den heksadesimale skrivemåten brukt i HTML-notasjon.