Medan GIMP vert opna, kjem det fram eit startbilete som viser framgangen medan programmet lastar inn dei ulike komponentane.
Sjølvsagt kan du tilpassa den personleg startskjermen din: Opprett mappa splashes
i den private GIMP-mappa di. Plasseringa av denne mappa er avhengig av operativsystemet som er i bruk:
Linux: /home/user_name/.config/GIMP/2.99/
macOS: /Users/user_name/Library/Application Support/GIMP/2.99/
Windows: C:\`\Brukarar\brukarnamn\AppData\Roaming\GIMP\2.99\
Kopier biletet ditt, eller bileta dine, til mappa splashes
. Når du startar opp GIMP, veret biletet henta frå denne mappa. Er det fleire bilete der, vil GIMP velje eit av dei tilfeldig.
Tips | |
---|---|
Forsikra deg om at bileta ikkje er for små. (Prøv t.d. med h = 450, b = 320). |