Kapittel 2. Fyr opp GIMP

Innhald

1. Starthjelp
1.1. Kjende plattformer
1.2. Språk
1.3. Argument i kommandolinja
2. Konfigureringsmapper
2.1. Tips og triks

1. Starthjelp

Avhengig av operativsystemet du har, vil du som oftast opna GIMP ved å trykkja på eit ikon på skrivebordet eller ved å skriva gimp på ei kommandolinje. Har du fleire utgåver av GIMP installert i maskinen din, må du kanskje skriva gimp-2.10 for å få opp den siste versjonen. Du kan, dersom det er ønskjeleg, skriva ei liste over biletfiler på kommandolinja etter programnamnet. Desse bileta vert så opna automatisk av GIMP ved oppstart. Sjølvsagt kan du også opna filer frå GIMP medan programmet køyrer.

Dei fleste operativsystema har ein eller annan måte for å tilordna filklassar, kjenneteikna ved filnamnutvidingane som t.d. «.jpg», til bestemte program, som t.d. GIMP. Du kan altså stilla inn programmet slik at når du dobbeltklikkar på ei biletfil i filutforskaren, vert dette biletet opna i GIMP.

Viss du installerte flatpakkeversjonen av GIMP frå flathub.org, opnar du GIMP anten ved å klikka på eit ikon eller ved å skriva flatpak run org.gimp.GIMP//stable på kommandolinja.

1.1. Kjende plattformer

GIMP er for tida det biletbehandlingsprogrammet med størst støtte. Til nå er GIMP prøvd ut på desse plattformene:

GNU/Linux™, Apple macOS™, Microsoft Windows™, OpenBSD™, NetBSD™, FreeBSD™, Solaris™, SunOS™, AIX™, HP-UX™, Tru64™, Digital UNIX™, OSF/1™, IRIX™, OS/2™, and BeOS™.

Sidan GIMP har opne kjeldekoder, er det enkelt å tilpassa programmet til andre operativsystem. Du kan finna meir om dette på GIMP-utviklarane si heimeside (på engelsk): [GIMP-DEV].

1.2. Språk

GIMP vil bruka det språket datamaskinen er sett opp med. Dersom GIMP av ein eller annan grunn ikkje finn språket, eller dersom du ønskjer å bruka eit anna språk, kan du gjera dette frå menyvalet RedigerBrukarinnstillingarSpråk.

Du kan også bruka:

Under Linux

I LINUX: i «console mode», skriv du LANGUAGE=xx GIMP eller LANG=xx gimp der du byter ut «xx» med koden for det språket du ønskjer (nn for nynorsk, nb for bokmål for eksempel). Bakgrunn: LANGUAGE=xx set ein omgivnadsvariabel («environment variable») for programmet gimp.

Under Windows

Knappen KontrollpanelSystemAvansertOmgjevnadar i området «Systemvariablar» knappen Legg til: Skriv LANG for Namn og fr, de, etc. for verdi. Pass på! Du må trykkja OK tre gongar for å validera valet.

Dersom du ofte skiftar språk, kan du laga ei «batchfil» for dette. Opna Notisblokk el. l. program og skriv inn følgjande (for fransk):

set lang=fr
start gimp-2.10.exe

Lagra fila som GIMP-FR.BAT (eller eit anna høveleg namn, men alltid med filutvidinga .BAT). Lag ein snarveg til fila på skrivebordet. Som dei fleste andre program, brukar også GIMP språkkoden «nb» for bokmål og «nn» for nynorsk. («no» er ikkje språkkode, men koden for landet Noreg).

Ein annan måte dersom dette programmet er installert: Vel StartAlle programmerGTK Runtime Environment og deretter Select language og vel språk frå nedtrekkslista.

Under Apple macOS

Frå Systeminnstillingar klikk Generelt på sidestolpen. Deretter vel du Språk og Region. Det ønskte språket skal vera først i lista.

Start ei ny økt av GIMP

Du kan køyra to versjonar av GIMP samstundes ved å bruka -n i kommandolinja. For eksempel kan du bruka gimp-2.10 for å starte GIMP på språket systemet er sett opp til og LANGUAGE=en gimp-2.10 -n for samstundes å køyra GIMP på engelsk. Dette kan vere nyttig for omsetjarar.

1.3. Argument i kommandolinja

Det er ikkje nødvendig å bruka argument når du opnar GIMP, men i tilfelle du av ein eller annan grunn skulle ha bruk for det, er nokre av dei vanlegaste argumenta viste nedanfor. I Unix-system kan du bruka man gimp for å lista ut alle argumenta.

Argumenta i kommandolinja må skrivast inn i kommandoen du brukar for å opna GIMPsom gimp-2.10 [OPTION...] [FILE|URI...].

-?, ,-h, --help

Vis ei liste over alle kommandoane.

--help-all

Vis alle hjelpvala.

--help-gegl

Vis alle GEGL-innstillingane.

--help-gtk

Vis alternativ for GTK+.

-v, --version

Skriv kva for versjon av GIMP som er i bruk, og slutt av programmet.

--license

Vis lisensinformasjon og slutt av.

--verbose

Vis detaljerte oppstartmeldingar.

-n, --new-instance

Start ei ny økt av GIMP.

-a, --as-new

Opna bilete som nytt.

-i, --no-interface

Køyr utan brukargrensesnitt.

-d, --no-data

Ikkje last inn mønsterelement, fargeovergangar, palettar eller penslar. Kan vere nyttig i ikkje-interaktive situasjonar der oppstarttida skal vere kortast råd.

-f, --no-fonts

Ikkje last inn nokon skrifttypar. Dette kan korte ned oppstarttida for GIMP når skripta ikkje brukar skrifttypar. Kan også vere nyttig for å finna skrifttypar med feil som gjer at GIMP stoppar opp.

-s, --no-splash

Ikkje vis oppstartskjermen.

--no-shm

Ikkje bruk delt minne mellom GIMP og programtillegga.

--no-cpu-accel

Ikkje bruk funksjonar for å auke farten på CPU. Kan vere nyttig for å finna eventuelle feil i slik programvare eller utstyr.

--session=namn

Bruk eit anna sessionrc for denne GIMP-økta. Det gjevne «session name» vert lagt til det normale «sessionrc filename».

-g, --gimprc=filnamn

Bruk ei alternativ gimprc-fil i staden for den vanlege. gimprc-fila inneheld data om innstillingane dine. Kan vere nyttige når banane til programtillegga eller maskinoppsettet er endra.

--system-gimprc=filenamn

Bruk ei alternativ system-gimprc-fil.

-b, --batch=kommandoar

Utfør kommandosettet «non-interactively». Kommandosettet er typisk eit skript som vert utført av ei av GIMP sine skriptutvidingar. Dersom du brukar kommandoen -, vert kommandoane lesne frå standarinngangen.

--batch-interpreter=proc

Prosedyren som vert brukt for å køyre mengdetolkarane (batch kommandoane). Denne er normalt sett til Script-Fu.

--avslutt

Avslutt straks etter å ha utført førespurde handlingar

-c, --console-messages

Ikkje vis dialogboksar ved varsling av feil. Skriv meldingane til konsollen i staden.

--pdb-compat-mode=modus

PDB kompatibilitetsmodus (off|on|warn)

--stack-trace-mode=mode

Feilfinning i tilfelle krasj (never|query|always)

--debug-handlers

Aktiver signalhandterarar for ikkje-fatale feil. Vert brukt for å finna feil i GIMP.

--g-fatal-warnings

Gjer alle åtvaringane fatale. Vert brukt for å finna feil i GIMP.

--dump-gimprc

Vis ei gimprc-fil med normalinnstillingane. Kan kome til nytte dersom du rotar til gimprc-fila.

--show-playground

Vis ei preferanseside med eksperimentelle funksjonar.

--display=display

Bruk X visning (gjeld ikkje på Microsoft Windows).