2.14. Opprett mal…

Kommandoen Opprett mal… opnar dialogvindauget «Opprett ny mal» der du kan laga ein ny mal med same storleik og fargemodell som det gjeldande biletet. Det kjem opp eit dialogvindauge der du vert beden om å skriva inn namnet på malen. Malen vert nå lagra og er tilgjengeleg i dialogvindauget Nytt bilete. Dersom du skriv inn eit namn som finst frå før, vil GIMP leggja eit tal til namnet for å gjera det unikt. Du kan bruka dialogvindauget Malar for å gjere endringar i eller sletta malar.

2.14.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne oppføringa på hovudmenyen via FilOpprett mal…. Det er ikkje nokon standard snarveg for denne.