2.2. Ny…

Ved hjelp av dialogvindauget «Nytt bilete» kan du laga eit nytt, tomt bilete. Samstundes kan du bestemma ein del av eigenskapane biletet skal ha. Biletet vert opna i eit nytt biletvindauge. Du kan ha fleire bilete på skjermen samstundes.

2.2.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne oppføringa på hovudmenyen via FilNytt bilete…,

  • eller med snarvegen Ctrl+N.

2.2.2. Grunninnstillingane

Figur 16.3. Dialogvindauget «Lag eit nytt bilete»

Dialogvindauget «Lag eit nytt bilete»

Mal

Figur 16.4. Nedtrekkslista med definerte malar

Nedtrekkslista med definerte malar

I staden for å skriva inn alle verdiane sjølv, kan du velja ein av dei førehandsdefinerte malane frå lista. Kvar mal inneheld innstillingar for storleik, oppløysing osv. for eit bestemt biletformat. Dersom du ofte brukar eit biletformat som ikkje står på denne lista, kan du laga ein ny mal ved å bruka maldialogvindauget.

Biletstorleik

Her bestemmer du Breidde og Høgde på det nye biletet. Til vanleg vert dette målt i pikslar, men du kan endre dette etter eige ønskje ved hjelp av nedtrekkslista. Dersom du bytter måleeining, ver klar over at dette påverkar X- og Y-oppløysinga (som du kan justera i Avanserte innstillingar). Eventuelt kan du kontrollera resultatet med visninga «Punkt for punkt» i menyen Vis.

Dersom det ikkje er nokre opne bilete, vert det «nye» biletet opna i det tomme biletvindauget med den storleiken du har bestemt. Dersom du opnar det «nye» biletet medan det er eller har vore eit anna bilete opna, vert det opna i eit anna vindauge med same storleik som det første biletet.

Knappane Ståande og liggande

Desse to knappane skifter visinga mellom ståande og liggjande vising. Dette vert gjort ved å bytte rundt verdiane for breidde og høgde. Er desse verdiane like, vil knappane vere deaktiverte. Dersom du opererer med ulike X- og Y-oppløysingar, som du kan setje i avanserte innstillingar, vil også verdiane for desse bytte plass. Til høgre for desse knappane finn du opplysningar om biletstorleik, oppløysing og kva fargemodell som er brukt.

2.2.3. Avanserte innstillingar

Figur 16.5. Nytt dialogvindauge for bilete (Avanserte innstillingar)

Nytt dialogvindauge for bilete (Avanserte innstillingar)

Avanserte innstillingar er mest interessante for den avanserte GIMP-brukaren. Du får fram desse vala ved å klikka på trekanten i den nedre kanten av vindauget. Merk at du må rulla nedover for å sjå alle dei tilgjengelege innstillingane.

X- og Y-oppløysing

Desse verdiane vert berre brukte når biletet skal skrivast ut. Normalt vert ikkje storleiken på skjermen påverka av desse verdiane. X- og Y-oppløysinga kan likevel påverka korleis pikslane skal overførast til andre måleeiningar som t.d. millimeter, dersom du brukar slike.

[Tips] Tips

Ønskjer du å visa biletet på skjermen med korrekte dimensjonar, vel du VisPunkt for punkt. Sett forstørringa til 100% for å visa biletet i sann skjermstorleik. Normalt vert skjermen kalibrert når du installerer GIMP, men det kan også gjerast frå dialogvindauget innstillingar.

Fargerom

Du kan oppretta det nye biletet i ulike fargemodellar, anten som RGB eller i gråtone.

RGB-farge

Biletet vert laga med eit fargesystem sett saman av Raud, Grøn og Blå. Det er dette fargesystemet som vert brukt av dataskjermen, eller TV-skjermen for den saks skuld.

Gråskala

Biletet vert laga i svart og kvit med mellomliggjande gråtoner. I tillegg til dei reint artistiske interessene dine, kan formatet også vere nødvendig for ein del programtillegg. Uansett kan du alltid omforma eit RGB-bilete til gråskala-bilete om nødvendig.

Det er ikkje råd å laga eit indeksert bilete frå denne menyen. Sjølvsagt kan du likevel indeksere eit bilete, etter at du har laga det, med kommandoen BileteModusIndeksert.

Presisjon

Denne innstillinga let deg definera kodinga som skal brukast for å lagra pikselinformasjon. Sjå bolklen Biletkoding for meir detaljar om dette.

Fem val er tilgjengelege:

  • 8-bit heiltal

  • 16-bit heiltal

  • 32-bit heiltal

  • 16-bit desimaltal

  • 32-bit desimaltal

I tilfelle du lurar på kva skilnaden mellom heiltal og desimaltal i det grafiske området er: Dersom du har eit bilete med 16-bit heiltalspresisjon per kanal, så har du 65 536 valører av kvar av fargane raudt, grønt og blått – alle med same fargeavstand. Dersom du brukar desimaltal, er avstanden mellom fargane ikkje like. Du kan då fordela verdiane over bestemte område slik at dersom du for eksempel har eit svært mørkt bilete med mange nyansar av mørkeraudt, kan du ha nytte av desimaltalspresisjonen fordi du då kan gjera dei lysare fargetonene mindre viktige og såleis få fleire fargedetaljar frå dei mørkeraude områda.

Figur 16.6. Presisjoneksempel

Presisjoneksempel

Biletet til venstre er 8-bit, det til høgre er 16-bit. Du ser at det er mange fleire fargar mellom fargeovergangane i det høgre biletet.


Gamma

Her kan du velja kanalkodinga for biletet. Vala du har erulineær og iineært lys. For 8-bits heiltalspresisjon er standard ulineær og for 32-bits desimaltalspresisjon er standard lineært lys. Du finn meir informasjon om dette i kva for prsisjon skal eg velja.

Fargeprofil

Her kan du velja ein fargeprofil for biletet. Standard er GIMP sin standard fargeprofil basert på fargerom, presisjon og gamma. Viss du heller vil nytta ein annan fargeprofil, kan du velja ein ICC-fargeprofil frå ei eller anna plassering i datamaskinen ved å velja Vel fargeprofil frå disk….

Fargeprofil for utskriftsimuleringa

Du kan leggja til ein CMYK-fargeprofil til biletet med dette alternativet. Denne profilen vert brukt til å laga ei fargetilpassa vising av biletet når Fargar for utskriftssimulering er slått på i menyen Vis. Som med Fargeprofilen, viss du heller vil bruka ein annan fargeprofil, kan du velja ei ICC-fargeprofilfil frå ein stad på datamaskinen din ved å velja Vel fargeprofil frå disk….

Fargetilpassinga for utskriftssimulering

I dette valet bestemmer du korleis fargetilpassinga som skal brukast for å konvertera fargane frå utskriftssimuleringa til visingsutstyret ditt når VisFargestyringFargar for utskriftssimulering er slått på. Dei fire vala er «perseptuell», «Relativt kolormetrisk», Metning» og «Absolutt kolormetrisk». Sjå Del 6.4, «Fargestyring» og Del 6.8, « Fargestyring » for meir om dette.

Bruk svartpunktkompensering

Når denne er tilgjengeleg, vil BPC-algoritmen prøva å justera visinga av mørkare område i biletet når fargar for utskriftssimulering er slått på i menyen Vis.

Fyll med

Here, you specify the background color that is used for your new image. It is certainly possible to change the background of an image later, too. You can find more information about doing that in the Layers Dialog.

Det er fleire val:

  • Fyll biletet med gjeldande forgrunnsfarge synt i verktøykassa.

    Du kan ikkje forandre forgrunnsfargen når dialogvindauget «Nytt bilete» er ope.

  • Fyll biletet med gjeldande Bakgrunnsfarge synt i verktøykassa. Du kan også forandre bakgrunnsfargen når dialogvindauget er ope.

  • Fyll biletet med Middle Gray (CIELAB). Dette vil oppretta eit lag med ein gråfarge som er 50 % av den perseptuell lysmengda i den valde fargemodusen.

  • Fyll biletet med Kvit.

  • Fyll Gjennomsiktig. Vel du denne, vert biletet laga med alfakanal og gjennomsiktig bakgrunn. Dei gjennomsiktige delene av biletet vert markerte med eit sjakkbrettmønster for å indikere gjennomsikt.

  • Fyll biletet med eit mønster. Vel du dette, vert biletet fylt med det gjeldande mønsteret, som du kan endra når dette dialogvindauget er ope.

Kommentar

Her kan du skriva inn ein merknad til biletet. Teksten vert lagt til i biletet som såkalla parasitt og kan også lagrast i nokre av filformata som t.d. PNG, JPEG og GIF.

[Notat] Notat

Du kan lese den lagra kommentaren ved å opna vindauget for bileteigenskapar.