Malar er førehandsdefinerte biletinnstillingar som du kan bruka til å raskt laga eit nytt bilete med dei dimensjonane, oppløysninga osv. som du likar. GIMP kjem med mange installerte malar, men du kan også laga dine eigne. Når du opprettar eit nytt bilete, kan du få tilgang til lista over eksisterande malar for å velja ein som skal brukast som base for det nye biletet. Du kan administrera desse malane i dialogvindauget «Malar».
Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».
Du har tilgang til det:
frå hovudmenyen via
→ → .frå fanemenyen i ein annan dialogmeny ved å klikka på fana og velja → .
Du vel ein mal ved å klikka på ikonet. Dersom du høgreklikkar på ikonet, kjem det opp ein meny med dei same funksjonane som for knappane nedst i dialogvindauget.
I fanemenyen for «biletmalar» kan du velje mellom
og . Dersom du ikkje har gitt malane bestemte ikon (sjå nedanfor korleis du gjer det), vil tabellforma vise ei oppstilling med likeforma ikon. Øvst i vindauget finn du namnet på den valde malen. Dersom du i staden vel listeform, som er den vanlege, vert malane lista opp under kvarandre med ikon og namn.Frå fanemenyen kan du også bruke menyoppføringa Storleik på førehandsvisinga for å vise ikona i eit høveleg format.
Tips | |
---|---|
tastekombinasjonen Ctrl + F i ei liste vil opne eit søkefelt. Sjå Vis som liste/tabell |
The button bar at the bottom offers the following functionality:
Klikk på denne knappen for å opna eit nytt bilete med dei same innstillingane som er definerte i den valde malen.
Klikk på denne knappen for å opna dialogvindauget ny mal. Dette er det same dialogvindauget som vert brukt for å redigera malen, som er vist nedanfor.
Trykk på denne knappen for å opna dialogvindauget for å redigera den definerte malen.
Klikk på denne knappen for å opna dialogvindauget Rediger malder du kan justera dei biletrelaterte innstillingane for den valde malen.
Dette slettar den valde malen etter å ha bede om stadfesting.
Tips | |
---|---|
Every template is stored in a |
Dette dialogvindauget gjev deg høve til å endra alle innstillingane i den valde malen.
Du har tilgang til dette dialogvindauget frå knappen malar.
nedst i dialogvindauget forInnstillingar
Her kan du endra namnet for malen.
Du kan velja eit anna ikon som skal visast framføre namnet på malen ved å klikka på dette ikonet. Du kan henta ikonet frå ei liste over førehandsdefinerte ikon, frå ei fil i datamaskinen eller ved å lima inn frå utklippstavla.
Her skriv du inn høgde og breidde for det nye biletet. Til vanleg vert desse målt i pikslar, men du kan byta til ei anna måleening om ønskjeleg frå nedtrekksmenyen. Dersom du gjer dette, må du vera klar over at storleiken i pikslane vert bestemt også ut frå X- og Y-oppløysinga. Denne kan du eventuelt endra i «Avanserte innstillingar». Samstundes bør du også setja
i -menyen.Denne knappen vekslar mellom ståande eller liggjande modus. Det som skjer er at verdiane for Breidd og Høgd vert bytte om. Dersom biletet er sett opp med ulike verdiar for X- og Y-oppløysing, vert også desse verdiane bytte om. Til høgre for desse knappane er det lista opp høgd, breidd, oppløysing og fargemodell brukt i det aktuelle biletet.
Avanserte innstillingar
I dei avanserte vala kan du endra fleire tilleggsinnstillingar for biletet.
Desse innstillingane er helst tenkt brukte dersom du skal skriva ut biletet. Innstillingane endrar ikkje storleiken på bilete i pikslar, men bestemmer kor stort biletet vert på papiret når det vert trykt. Innstillingane kan også påverka korleis biletet vert vist på skjermen. Dersom «Punkt for punkt» er slått av i Skjerm i menyen «Innstillingar».
-menyen og visinga er sett til 100% zoom i den same menyen, vil GIMP prøve å vise biletet på skjermen i naturleg storleik rekna ut frå pikselverdiane og oppløysinga. Dette under føresetnad av at biletskjermen er korrekt kalibrert. Dersom denne kalibreringa ikkje vart gjort då GIMP vart installert, kan du gjere det frå dialogvindaugetHer kan du berre velje mellom RGB eller gråskala. Skulle du ha ønskje om andre fargemodellar, må du omforma til ønskt modell etter at du har laga biletet.
Du kan velja presisjonen GIMP skal bruka for biletet. Sjå meir om dette i dokumentasjonen for menyen Koding.
Du kan velja om du vil bruka Ikkje-lineær eller lineært lys. Sjå meir om dette i dokumentasjonen for menyen Koding.
Her vel du fargeprofilen for biletet. Standard er den innebygde sRGB-profilen, men du kan også velja din eigen profil frå ei fil i datamaskinen.
Du har fire val for kva slag farge bakgrunnslaget i det nye biletet skal fyllast med:
Forgrunnsfarge er den fargen som er vist som forgrunnsfarge i verktøykassa.
Bakgrunnsfarge er den fargen som er vist som bakgrunnsfarge i verktøykassa.
Kvit, brukar kvit på bakgrunnslaget.
Gjennomsikt. Bakgrunnslaget i det nye biletet vert laga med alfakanal. Bagrunnslaget vert gjennomsiktig.
Mønster, brukar det gjeldande mønsteret for å fylla bakgrunnslaget.
Du kan leggja til ein standard merknad som vert teken opp i biletet. Når biletet vert eksportert, vil merknaden også lagt til i filformat som støttar merknadar. Du kan endra merknaden i dialogvindauget for eksport.