2.6. Opna frå ei nettside…

Denne kommandoen opnar dialogvindauget «Opprett bilete frå ei nettside» der du kan skriva inn nettadressa til sida i alle formata GIMP har støtte for.

2.6.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne oppføringa på hovudmenyen via FilOpna ei adresse….

2.6.2. Dialogvindauget

Dei vanlegaste måtane å opne bilete på er:

file://

for å opna biletet frå eit lokalt lagringsmedium

Du kan sløyfe «file://» om du vil og berre skriva inn filnamnet med full, relativ eller absolutt sti.

Kva for mappe som er førevald for relative adresser, er avhengig av operativsystemet. I Linux er det til vanleg /home/<username>/, i Windows C:\Documents and Settings\<brukarnamn>\My Documents\My Images\ og /Users/<brukarnamn>/ på Mac OS X.

ftp://

for å opna eit bilete frå ein ftp-tenar

https://, http://

for å laste ned biletet frå ei nettside

[Tips] Tips

Når du er inne på ei nettside, kan du høgreklikka på eit bilete og velja «Kopier bildeadressa» på sprettoppmenyen som kjem opp. Klikk deretter på «Opna ei adresse» i hovudmenyen for GIMP og lim adressa inn i menyen «Opna adresse».

Sjølv om denne måten gjer det lett å grabbe biletet frå nettsider: Respekter reglane for opphavsrett! Ikkje alle bilete er til fritt bruk, endå om dei er publiserte på Internett.