8.20. Fargeforsterking

Kommandoen Fargeforbetring strekkjer kromaområdet for fargane i laget mest mogleg utan å påverka kulør og lysverdi. Dette vert gjort ved å konvertera fargane til CIE LCh-rom og deretter strekkja kroma-området mest mogleg. Til slutt vert fargane konverterte tilbake til det opphavlege fargemodellen.

[Notat] Notat

Denne kommandoen verkar ikkje på gråtone-bilete. Viss biletet er i gråtone er denne menyoppføringa slått av.

8.20.1. Slå på kommandoen

  • Du har tilgang til dette menyvalet frå hovudmenyen via FargarAutoFargeforbetring.

8.20.2. Eksempel på bruk av «Fargeforsterking»

Figur 16.156. Originalbiletet

Originalbiletet

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå før bruk av «Fargeforsterking».


Figur 16.157. Kommandoen brukt

Kommandoen brukt

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå etter bruk av «Fargeforsterking». Resultatet blir ikkje alltid slik du kanskje vente det.