8.23. Trekk ut komponent

8.23.1. Oversyn

Figur 16.175. «Trekk ut komponent» brukt

«Trekk ut komponent» brukt

Originalbiletet

«Trekk ut komponent» brukt

Kommandoen «Trekk ut komponent» brukt med standard innstillingar.


8.23.2. Aktivering av kommandoen

  • Du har tilgang til menyvalet frå hovudmenyen via FargarKomponentarTrekk ut komponent.

8.23.3. Innstillingar

Figur 16.176. Innstillingane for kommandoen «Trekk ut komponent»

Innstillingane for kommandoen «Trekk ut komponent»

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Komponent

Komponent som skal trekkjast ut. Standard er RGB Raud: alle lagpikslar som har den raude komponenten i fargen vert trekt ut for å laga grå pikslar. Grå pikselverdi er verdien til den raude kanalen (for eksempel vil ein 153;70;17 RGB-piksel gje ein 153;153;153 grå piksel).

Inverter

Inventer den uttrekte komponenten.

Lineære inngangsdata

Bruk lineære inngangar i staden for gammakorrigerte.

Blandingsalternativ, førehandsvising og delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».