8.24. Monomiksar

8.24.1. Oversyn

Figur 16.177. Monomiksar brukt

Monomiksar brukt

Originalbiletet

Monomiksar brukt

Kommandoen «Monomiksar» brukt med standardverdiane.


[Notat] Notat

Denne kommandoen verkar ikkje på gråtone-bilete. Viss biletet er i gråtone er denne menyoppføringa slått av.

8.24.2. Aktivering av kommandoen

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen via FargarKomponentarMonomiksar.

8.24.3. Innstillingar

Figur 16.178. Innstillingane for kommandoen «Monomiksar»

Innstillingane for kommandoen «Monomiksar»

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Bevar lysstyrken

Blandinga kan føra til eit bilete der nokre av fargane vert alt for lyse. Dette valet minskar lysverdiane for fargekanalane men beheld eit godt visuelt forhold mellom dei. Du kan endra den relative fargevektinga utan å forandra den totale lysverdien for biletet.

Raud kanalmultiplikator, Grøn kanalmultiplikator, Blå kanalmultiplikator

Koeffisient brukt på kvar kanal. Verdiane varierer frå -5 000 til 5 000. Sidan standardverdiane er like i dei tre kanalane, er biletet gråa ut.

Blandingsalternativ, førehandsvising og delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

8.24.4. Bruka monomiksar

Når dette filteret vert opna vil førehandsvisinga skifta til gråskala, men biletet er framleis eit RGB-bilete med tre kanalar. Først når du trykkjer OK-knappen vert biletet omforma til gråtone.

Figur 16.179. Raud:100 %, grøn: 50 % blå: 0%. Ikkje merkt av for «Behald lysverdi».

Raud:100 %, grøn: 50 % blå: 0%. Ikkje merkt av for «Behald lysverdi».

I kvar av rutene er pikslane omforma til grånivå lik verdien av raudkanalen i originalbiletet. (Bakgrunnen er farga rosa for å gjere dei kvite rutene synlege).


Her er måten Behald lysverdi arbeider i monokromatisk modus: For eksempel gå ut frå at glidebrytarane er sett til 75 % raud, 75 % grøn og 0 % blå. Behald lysverdi er slått av. Resultatet vert då 75 % + 75 % + 0 % = 150 %, altså eit svært lyst bilete. Ein piksel med for eksempel verdien R; G; B = 127; 100; 80 vil enda opp med verdien 127 × 0,75 + 100 × 0,75 + 80 × 0 = 170 for kvar kanal. Dersom Behald lysverdi er slått på, vert kvar glidebrytar skalert slik at dei alltid endar opp med 100 %. I dette eksemplet vil konstanten verta 100 / (75 + 75 + 0) = 0,667. Pikselverdien vert altså endra til omkring 170 × 0,667 = 113. Behald lysverdi syter altså for at verdiane for glidebrytarane alltid endar opp med 100 %. Dette betyr at merkelege ting kan henda når brytarane har store negative verdiar. Dette er teke frå utviklaren av programtillegget.

[Notat] Notat

Kva kanal bør endrast?: Dette er heilt avhengig av kva du ønskjer å gjera. I prinsippet passar raudkanalen best for endringar i kontrast. Grønkanalen er god på detaljerte endringar medan den blå kanalen som oftast er best på endringar i støy og korning. Kanskje ein ide å også kikka litt på filteret Separer.