8.30. Avmetting

Kommandoen Avmetting vert brukt for å omforma alle fargane i det aktive laget til tilsvarande grader av grått. Denne metoden skil seg ut frå det å konvertere til gråskala på to måtar. For det første verkar han berre på det aktive laget. For det andre er gråtonene i laget framleis RGB-verdiar med tre komponentar slik at R=G=B som vert gråfarge. Du kan såleis fargelegge laget eller deler av det, på eit seinare tidspunkt ved å bruka andre fargar enn grå.

[Notat] Notat

Denne kommandoen verkar berre på lag i RGB-format. Dersom biletet er i gråskala eller indeksert modus, kan kommandoen ikkje gjere noko.

8.30.1. Aktivering av filteret

Du har tilgang denne kommandoen i hovudmenyen frå FargarAvmettingAvmetting ….

8.30.2. Innstillingar

Figur 16.189. Dialogvindauget for «Avmetting»

Dialogvindauget for «Avmetting»

Modus: Her har du fem val for å omforma fargebilete til svart/kvit:

Luminans

Gråtonene vert rekna ut ved hjelp av lineærisert sRGB som

Luminans =( 0,22 × R) + (0,72 × G) + (0,06 × B)
Luma

Grånivåa vert rekna ut som ulineær sRGB

Luma = (0,22 × R) + (0,72 × G) + (0,06 × B)
Lysverdi (HSL)

Grånivåa vert rekna ut som

Lysverdi (HSL) = ½ × (maks(R,G,B) + min(R,G,B))
Gjennomsnitt (HSI-intesitet)

Grånivåa vert rekna ut som

Gjennomsnitt (HSI-intesitet) = (R + G + B) ÷ 3
Lysverdi (HSV)

Grånivåa vert rekna ut som

Lysverdi (HSV) = maks(R, G, B)

Figur 16.190. Bruka dei fem metodane for konvertering på to svært ulike bilete

Bruka dei fem metodane for konvertering på to svært ulike bilete

Originalbilete

Bruka dei fem metodane for konvertering på to svært ulike bilete

Originalbilete


      

Bruka dei fem metodane for konvertering på to svært ulike bilete

«Luminans» brukt

Bruka dei fem metodane for konvertering på to svært ulike bilete

«Luminans» brukt


      

Bruka dei fem metodane for konvertering på to svært ulike bilete

«Luma» brukt.

Bruka dei fem metodane for konvertering på to svært ulike bilete

«Luma» brukt.


      

Bruka dei fem metodane for konvertering på to svært ulike bilete

«Lysverdi (HSL)» brukt.

Bruka dei fem metodane for konvertering på to svært ulike bilete

«Lysverdi (HSL)» brukt.


      

Bruka dei fem metodane for konvertering på to svært ulike bilete

«Gjennomsnitt HSI-intesitet)» brukt.

Bruka dei fem metodane for konvertering på to svært ulike bilete

«Gjennomsnitt HSI-intesitet)» brukt.


      

Bruka dei fem metodane for konvertering på to svært ulike bilete

«Lysverdi (HSV)» brukt.

Bruka dei fem metodane for konvertering på to svært ulike bilete

«Lysverdi (HSV)» brukt.


8.30.3. Samanlikning av resultata av ulike innstillingar for å omforma fargebilete til svart/kvit:

  1. Mengda og retninga dei ulike måtane å konvertere eit bilete til svart-kvitt avvik frå den direkte luminanskonverteringa er avhengig av:

    • Konverteringsmetoden du vel.

    • Kva RGB-fargemodell omforminga vert gjort i.

    • Kor metta fargane i originalbietet er. Sterkt metta fargar, som den raude kula og den gule solsikka, har større avvik i høve til den rette luminanskonverteringa enn mindre metta fargar.

    • Fargetonene, for eksempel gult kontra raudt, til dei ulike metta fargane verkar også inn på resultatet.

    • Dersom kvar piksel er nær maksimumsverdien for RGB-kanalane, vil omforming med «Lysverdi (HSV)» alltid gi eit lysare bilete enn det dei andre metodane gjer.

  2. Samanlikning mellom den raude kula og den gule solsikka:

    • For den raude kula vil «Lysverdi (HSL)» gi eit resultat nokså likt det «Luminans» gjer medan «Luma» lagar eit mykje mørkare bilete.

    • For solsikka lagar «Luma» eit bilete nokså likt det «Luminans» gjer medan «Lysverdi (HSL)» lagar eit mykje mørkare bilete.

    • Legg merke til at dei mindre metta områda i kvart bilete vert nokså like, uavhengig av kva metode som er brukt i konverteringa.

8.30.4. Meir om dei fem metodane for omforming frå fargebilete til svart/kvit:

  1. Meir om luminans:

    • «Luminans» er den einaste fysisk meiningsfulle måten å konvertere eit fargebilete til svart-kvitt på. Dette fordi svart-kvitt-biletet får den same relative luminansen (den same prosentdelen av lys frå gråtonene) som fargane i det opphavlege biletet har.

    • Luminans må reknast ut ved hjelp av lineæriserte RGB-verdiar.

    • Når vi snakkar om «luminans» burde vi eigentleg kalla det «relativ luminans»". Du kan finna meir om dette (på engelsk) på Relativ Luminance og (på bokmål)CIE 1931.

    • GIMP brukar hardkoda sRGB-verdiar for å gjera luminansomforminga til svart og kvitt. Framtidige versjonar av GIMP vil bruka korrekte omformingar for bilete i andre fargerom.

  2. Meir om luma:

    • «Luma» er det du får viss du brukar formelen for luminans på RGB-verdiar som ikkje er korrekt linearisert.

    • Multiplikatorane er riktig Bradford-tilpassa til D50, som vert kravd for bruk i eit fargestyrt redigeringsprogram for ICC-profilar ((i det minste til den neste versjon av ICC-spesifikasjonar vert frigjeve og folk finn ut korleis den nye fridomen til å bruka ikkje-D50-referansar for kvitpunkt skal handsamast).

    • GIMP brukar hardkoda sRGB-verdiar for å laga luma-konverteringar til svart-kvitt. Framtidige versjonar av GIMP vil få støtte for korrekte konverteringar for biete i andre fargerom.

  3. Meir om lysverdi, gjennomsnitt og verdi:

    Metodane «Lysverdi (HSL)», «Gjennomsnitt (HSI-intensitet)» og «Lysverdi (HSV)» konverterer eit fargebilete til svart-kvitt ved å bruka fargeromsmodellar som vart oppfunne for rask handsaming på datamaskiner frå 1990-talet. Du finn meir om dette (på engelsk) i HSL and HSV. Studer spesielt avsnittet Disadvantages .

  4. I tilfelle du lurar på kvifor LAB-lysverdi ikke er mellom alternativa for konvertering av eit RGB-bilete til svart-kvitt. Ei nøyaktig konvertering frå RGB- til LAB-lysverdi og så tilbake til RGB, gjev akkurat det same resultatet som luminans-konvertering til svart-kvitt. Her er årsaka:

    • I det tenkte fargerommet XYZ er Y luminans. Dersom du konverterer eit RGB-fargebilete til XYZ får «Y» i XYZ den same verdien som R=G=B-verdiane du får når du reknar ut RGB-lysverdien.

    • LAB er ei perseptuell einsforma omforming av XYZ. Konvertering frå RGB til XYZ og deretter til LAB med A = B = 0,0 (eller 0,5 for bilethandsamingsprogram som set midtpunktet for A- og B-aksane som 0,5 i staden for til 0,0) og deretter konverterer tilbake til XYZ, vert X- og Z-verdiane endra, men ikkje Y.

    Program som brukar noko anna enn relativ luminans for å konvertere RGB-bilete til svart-kvitt ved hjelp av LAB-lysverdi, bygger diverre på ulike matematiske mistak i konverteringsrutinane.