Denne farge til gråtonekonverteringa brukar konvoluttar forma med den såkalla STRESS-tilnærminga for å utføra lokal gråtonegenerering ved å oppretthalda skilnadane.
«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».
Nabolaget som skal reknast med. Dette er radiusen i pikslar som vert tekne med når du bestemmer kva fargar som tilordnast til gråverdiane.
Kor mange prøver som skal takast ved kvar gjennomgang på jakt etter fargeområdet.
Talet på gjentakingar. Mange gjentakingar gjev mindre støy, men krev meir datakraft.
Når denne er slått på vert detaljar i skuggen forsterka, men med meir støy.
Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».