13.3. Forskyv

13.3.1. Oversyn

Figur 17.277. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Forskyvingskartet har fire grå striper med verdiar på 210, 160, 110 og 60.

Eksempel på bruk av filteret

Vassrett forskyvingskoeffisient er 30. Frigjorte pikslar er svarte. Biletområda som svarar til lysegrå (128) vart forskjøve 19 og 8 pikslar til venstre. Biletområda som svarar til mørkegrå (127) vart forskjøve 4 og 15 pikslar til høgre.


Dette filteret brukar eit «forskyvingskart» for å forskyva korresponderande pikslar i biletet. Filteret vil forskyva innhaldet i den aktive teikneflata (det aktive laget eller utvalet) i høve til verdiane sett for vassrett og loddrett. Desse verdiane vert igjen multipliserte med lysverdiane for tilsvarande punkt i «forskyvingskartet». Forskyvingskarta må vera gråskalabilete med same format som teikneflata. Filteret kan gje mange interessante effektar.

13.3.2. Aktivering av filteret

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterKartForskyv….

13.3.3. Innstillingar

Figur 17.278. Innstillingane for filteret «Forskyv»

Innstillingane for filteret «Forskyv»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Tilleggsinngang, Tilleggsinngang 2

Når du klikkar på ein knapp med spørjeteikn, vert det opna ein liten fillesar med to panel. Det venstre panelet viser bileta som er på skjermen. Det høgre panelet viser laga i det gjeldande biletet. Dobbeltklikk på det ønskte laget for å visa kartet.

Du kan velja ulike kart for vassrette og loddrette forskyvingar.

Forskyvingsmetode

Du kan velje å arbeida med kartesianske koordinat, der pikslane vert flytt vassrett eller loddrett, eller med polar-koordinat, der biletet vert vridd og vrengd ved å flytta pikslane i radial eller tangential retning.

Sjå neste kapittel for meir om desse vala.

Prøvetakar

Interpoleringsmetodane er forklarte i Transformeringsverktøya

Abyss policy

Desse alternativa let deg bestemma korleis forskyvinga skal gå føre seg på aktive lag eller på kanten av utvalet. Dei er forklarte i Abyss taktikk

13.3.3.1. Kartesiansk forskyving

Figur 17.279. Innstillingane for filteret «forskyv» (kartesiansk)

Innstillingane for filteret «forskyv» (kartesiansk)

Vassrett og loddrett forskyving er 20 pikslar


I begge metodane vil retninga og lengda på forskyvinga vera avhengig av verdien til den tilsvarande pikselen i forskyvingskartet.

Kartet, som bør vera eit gråskalabilete, har 256 grånivå (0 - 255) med ein teoretisk gjennomsnittsverdi på 127,5. Biletpikslar der dei tilsvarande kartpikslane er mindre enn 127,5 (dvs. 0 - 127) vert flytte i ei retning, medan biletpikslar med tilsvarande kartpikslar med verdi høgare enn 127,5 (dvs. 128 - 255) vert flytte i motsett retning.

Vassrett forskyving, Loddrett forskyving

Hvis det respektive alternativet er slått på, vert biletpikslar som svarar til pikslar frå 0 til 127 forskjøve til høgre for «Vassrett», nedover for «Loddrett». Biletpikslar som svarar til pikslar frå 128 til 255 vert forskjøve til venstre for «Vassrett», oppover for «Loddrett».

Det du legg inn i innskrivingsboksane, direkte eller ved å bruka pilknappar, er ikke sjøve forskyvninga. Det er ein koeffisient som vert brukt i ein -formel, som gjev den faktiske forskyvinga av pikslane i høve til den skalerte intensiteten [13] til den tilsvarande pikselen i kartet, modulert av koeffisienten du har gjeve. Det er viktig å introdusera intensitet i formelen: dette tillet progressiv forskyving ved å bruka eit overgangskart.

Verdien du skriv inn kan vera positiv eller negativ. Ei negativ flytting er det motsette av ei positiv. Verdiane er avgrensa av det doble av biletdimensjonane.

Du kan trykkja på nedtrekkslista for å få fram eit oversyn over tilgjengelege forskyvingskart. Bilete som skal koma med i lista må oppfylla to krav. Det eine er at biletet må vera opna når du tek i bruk filteret. Det andre er at biletet må ha same dimensjonane som originalbiletet. Som oftast vil forskyvingskartet vera ein kopi av originalbiletet. Denne kopien vert omforma til gråskala og fylt med ein høveleg fargeovergang. Det er råd å bruka også eit RGB-bilete, men det er vanskelegare å føresjå resultatet med eit slik kart. Kartet kan vera ulike vassrett og loddrett.

13.3.3.2. Polarforskyving

Figur 17.280. Innstillingane for filteret «Forskyv» (Polar)

Innstillingane for filteret «Forskyv» (Polar)

Polar-modus: Berre klem (kjede brote)


Knip

Denne innstillinga fører til at radialkoordinata, dvs. avstanden til midtpunktet ( «polen» ) i biletet vert forandra. Biletpikslar som samsvarar med kartpikslar frå 0 til 127 vert flytte utover, medan biletpikslar som samsvarar med kartpikslar i området 128 til 255 vert flytte innover.

Sjå nærare om verdiane og forskyvingskartet ovanfor under «Vassrett/loddrett forskyving».

Forskyvinga er uavhengig av avstanden frå sentrum. Alle pikslane vert flytt like langt. Biletet vert difor ikkje berre strekt ut eller komprimert, men også forstyrra:

Biletet er forvrengt med kommandoen «knip»

Eit bilete på 160 × 120 pikslar. Mønsterkartet er einsfarga kvitt og forskyvingskoeffesienten sett til 20,0. Dette fører til at pikslane vert flytt 20 pikslar mot sentrum. Den vassrett forminskinga vert 25 %, den loddrette 33 % og den diagonale forminskinga 20 %. Biletet vert difor forstyrra.

Drei

Dette valet fører til at vinkelkoordinata for biletpikslane vert t sett i høve til kartpikslane. Dersom mønsterkartet er einsfarga, vert biletet rotert, elles vert det «kvervla».

Biletpikslar som korresponderer med kartpikslar frå 0 til 127 vert forskjøve motsols, medan biletpikslar som samsvarer med kartpikslar frå 128 til 255 vert flytt medsols.

Sjå ovanfor om verdiar og forskyvingskart.

[Notat] Notat

Med eit einsfarga, ikkje nøytralt, forskyvingskart verkar filteret i polarmodus på same måten som filteret vri og vreng.

13.3.3.3. Sentrer forskyvinga

Dette alternativet vert brukt med polarforskyving: du kan fiksera forskyvingssenteret.

13.3.4. Å bruka ein overgang for å bøye ein tekst

Følj desse stega:

  1. For det første må du opna biletet.

  2. Dupliser biletet. Aktiver duplikatet og gjer det om til gråtone med kommandoen BileteModusGråskala. Fyll biletet med ønskt fargeovergang. Dette biletet vert forflyttingskartet ditt med same storleik som originalbiletet.

  3. Activate original image. Create a Text Layer with your text. Set layer to image size: right-click on the layer in Layers dialog and, in the pop-menu, click on «Layers to image size». Note that letters in text layer lie on a transparent background; now this filter doesn't displace transparent pixels. Only letters will be displaced.

  4. Gjer tekstlaget til det aktive laget og opna filteret. Nå kan du prøve deg fram med ulike innstillingar av filteret. Når førehandsvisinga viser resultatet slik du ønskjer det, trykker du OK-knappen.

Denne metoden gjeld også for standardlag:

[Tips] Tips

Får å få fram den ønskte fargeovergangen lagar du først ein overgang frå svart til kvit. Deretter brukar du verktøyet kurver for å modifisera fargeovergangen til slik du vil ha han.

13.3.5. Bruka «Forskyv»-filteret for å tilpassa ein tekst til ei ujamn overflate

Figur 17.281. Bileteksempel

Bileteksempel

Tekstur og tekst

Bileteksempel

Kart


Følj desse stega:

  1. Opna biletet med ein ujamn tekstur.

  2. Lag kartet: Dupliser biletet. Vel så ColorsMindre metningMindre metning….

  3. Create the text in Texture image. Move it if necessary. Make this text layer the same size as the image via Layers to Image Size.

  4. Opna filteret «Forskyv». Trykk på knappen Tilløeggsingang og dobbeltklikk på miniatyren av kartet i det venstre panelet .

    Filteret «Forskyv» brukt.

13.3.6. Utrekning av forskyvinga

I det følgjande vil vi vise korleis du kan rekne ut mengda av forskyving. Dette er helst mynta på dei som ønskjer å vite korleis ting fungerer. Har du ikkje slike interesser, kan du trygt sløyfe dette kapitlet.

I innføringseksemplet er det vist resultatet av ei vassrett forskyving med ein koeffisient på 30,0. Avhengig av grånivået i forskyvingskartet vert forskyvinga 19, 8, 4 eller 15 pikslar.

Kvifor akkurat desse forskyvingane? Svaret er enkelt:

Dersom du kontrollerar desse likningane vil du sjå at verdiane som kjem ut ikkje er nøyaktig dei vi fekk i eksemplet. Kanskje ikkje så rart etter som vi reknar med avrunda desimaltal. Kan det vera at tala er runda av til næraste heiltal og pikslane vert flytt i høve til desse? Svaret er nei. Kvar piksel vert flytt så mykje som utrekninga viser, men forflyttinga etter desimalane vert utført etter interpolering av desimalane. Vonleg vil dette eksemplet visa kva som skjer:

Figur 17.282. Ein nærare kikk på eksemplet

Ein nærare kikk på eksemplet

Eit lite område er forstørra 800 %.


Forskyvinga resulterer i små, ein piksel breie område med overgangsfargar ved kanten av einsfarga område. Det svarte området på det forstørra biletet er resultatet av ei flytting på -4,12. Overgangsfargen er 12 % svart og 88 % gul.

Dersom du set forskyvingskoeffisienten til 30,01 i staden for 30,00 vil du eigentleg få eit heilt anna bilete, men det er sjølvsagt uråd å sjå skilnaden.



[13] Gradert intensitet = (intensitet - 127,5) / 127,5. Sjå Del 13.3.6, «Utrekning av forskyvinga».