13.2. Avbilding frå kart

13.2.1. Oversyn

Figur 17.275. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Frå venstre: Det einsfarga blå originalbiletet som skal tilførast relieffverknad. I midten strukturkartet (også kalla «ruglekarta») i gråskala. Svarte pikslar vil gjera relieffet djupare, kvite pikslar gjera det høgare. Til høgre dei ferdige bileta. Filteret legg til ein skuggeeffekt.


Dette filteret lagar 3D-effektar ved å overføra ein struktur i eit bilete (strukturkartet) til eit anna bilete. Høgda på «humpane» er avhengig av lysstyrken til dei tilsvarande pikslane i kartet. Det er også råd å bestemma kva retning lyset skal koma frå. I motsetnad til filteret «relieff» kan dette filteret brukast på alle bilettypar. Sjå relieff for meir om dette. (Å laga bilete på denne måten vert også kalla «bump-mapping»).

13.2.2. Aktivering av filteret

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterKartAvbilding frå kart.

13.2.3. Innstillingar

Figur 17.276. Innstillingane for filteret «Avbilding frå kart»

Innstillingane for filteret «Avbilding frå kart»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Tilleggsinngangen

Når du klikkar på denne knappen, vert det opna ein liten fillesar med to panel. Det venstre panelet viser bileta som er på skjermen: Det gjeldande biletet er merkt. På det høgre panelet vert laga i det gjeldande biletet viste: Dobbeltklikk på det laget du vil bruka som kart for avbildinga: Fillesaren vert lukka og miniatyren av laget vert vist på knappen «Tilleggsinngang».

Det høgre panelet har ei Kanal-fane: TODO

Type

Her kan du bestemma kva metode som skal brukast for å kopla saman dei to bileta:

Lineær

Høgda på humpane er ein direkte funksjon av lysstyrken.

Sfærisk

Høgda på humpane er ein kuleforma funksjon av lysstyrken.

Sinusforma

Høgda på humpane er ein sinusfunksjon av lysstyrken.

Kompenser

Avbildinga har ein tendens til å gjere biletet mørkare. Aktivere dette valet dersom du vil unngå dette.

Inverter

Til vanleg vil lyse pikslar gi humpar og mørke pikslar holer i biletet. Denne funksjonen vender om på dette.

Flislagt

Denne funksjonen er helst nytta dersom du skal bruka biletet som gjenteke bakgrunn i ei nettside. Mønsteret vert då lagt side om side utan synlege fuger mellom bitane.

Asimut

Denne glidebrytaren bestemmer kvar lyset skal koma frå. Skalaen tilsvarer kompassretningane i grader, men med startpunkt 0° i aust. Aukande tal vil dreie lyset motsols og altså skyggane medsols.

Elevasjon

Denne glidebrytaren bestemmer kor høgt over horisonten (0,50°) lyset skal kome frå. Rett ovanfrå (zenit) tilsvarer 90°.

Djupn

Denne glidebrytaren vert brukt for å setja kor høge humpane skal vera og kor djupe hola skal vera. Dess høgare tal dess større skilnad. Variasjonsområdet er frå 1 til 65.

Forskyving X, Forskyving Y

Du kan bruka desse glidebrytarane for å finjustera plasseringa av kartet i biletet.

Havnivå

Dersom biletet inneheld gjennomsiktige område, vert desse handsama som mørke felt og vert omforma til utholingar i biletet. Med denne glidebrytaren kan du gjere desse holene grunnare. Holene vert heilt borte når verdien vert sett til 255. Er Inverter strukturkartet aktivert, vert gjennomsiktige område handsama som lyse felt og funksjonen vil planere humpane.

Faktor for omgjevnadslys

Med denne glidebrytaren kan du bestemma den totale lysstyrken på biletet. Høge verdiar vil føre til at relieffverknaden vert redusert.

13.2.4. Bruka filteret «Avbilding frå kart»

Vi skal laga eit tekstrelieff på eit bilete.

  1. Opna hovudbiletet.

  2. Lag kartet: her ein kvit tekst på svart bakgrunn.

    Biletet og kartet

  3. RedigerKopier kartet. Aktiver biletet og RedigerLim inn somLim inn som enkelt lag. Høgreklikk på det nye laget og vel Lag til biletstorleik for å få laget i same storleik som biletet.

  4. Kartlaget er aktivt, bruk Gaussisk sløring. Her er standard 1,5 pikslar brukt.

  5. Gjer kartlaget usynleg og aktiverer biletlaget.

  6. Opna filteret «Avbilding frå kart». Klikk på knappen Tilleggsinngang og dobbeltklikk på tekstlaget i det høgre panelet.

    «Avbilding frå kart» brukt. Djupn = 3. Omgjevnadslysfaktor = 0,326.