7.4. Fargekast

7.4.1. Oversyn

Figur 17.150. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Fargekast»


Du har tilgang til dette filteret gjennom FilterStøyFargekast….

Filteret «fargekast» legg ein tilfeldig farge i kvar av dei berørte pikslane, altså verkeleg tilfeldig støy. Alle fargekanalane, også alfakanalen om han finst i biletet, vert handsama tilfeldig. Fargane vert plukka heilt tilfeldig frå alle fargeverdiane utan å ta omsyn til originalverdiane. Kor stor prosent av pikslane i det aktive laget eller utvalet som vert påverka, vert bestemt med glidebrytaren Slumpmengde (%).

7.4.2. Innstillingar

Figur 17.151. Innstillingane for filteret «fargekast»

Innstillingane for filteret «fargekast»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Slumpmengde (%)

Glidebrytaren Slumpmengde bestemmer kor mange prosent av pikslane i det aktive laget eller det aktive utvalet som skal verta påverka av filteret. Dess høgare verdi, dess fleire pikslar verta forandra.

Gjenta

Glidebrytaren Gjenta bestemmer kor mange gonger filteret skal gjenta prosessen. For dette filteret er dette valet lite nyttig i og med at du kan oppnå det same mykje raskare ved å velje eit større tal for Slumpmengde. Grunnen til at dette valet er tatt med, er at det same kontrollpanelet vert brukt for fleire ulike filter.

Tilfeldig frø

Bestemmer kor tilfeldig fargekastet skal vera. Brukar du det same startfrøet som sist, og ingenting anna er endra, vil filteret gje ut nøyaktig det same resultatet. Legg du inn ein ny verdi for slumpfrøet, vert også resultatet eit anna. Du kan skriva inn verdiar for slumpfrøet for hand, eller du kan velja ein tilfeldig startverdi ved å trykkja på knappen Nytt frø.