7.5. Fargeplukk

7.5.1. Oversyn

Figur 17.152. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Fargeplukk»


Filteret «Fargplukk» bytar ut kvar påverka piksel med ein annan piksel tilfeldig vald frå dei åtte nabopikslane og seg sjølv (frå ei 3 × 3 rute med den aktuelle pikselen i sentrum). Alle, eller berre ein del av pikslane i det gjeldande laget eller utvalet vert påverka av filteret, avhengig av innstillinga på glidebrytaren Slumpmengd (%).

7.5.2. Slik slår du på filteret

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterStøyFargeplukk….

7.5.3. Innstillingar

Figur 17.153. Innstillingane for filteret «Fargeplukk»

Innstillingane for filteret «Fargeplukk»

Forval, «Inngangstype», Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Slumpmengde (%)

Glidebrytaren Slumpmengd bestemmer kor mange prosent av pikslane i det gjeldande laget eller utvalet som skal verta påverka av filteret. Dess høgare verdi, dess fleire pikslar vert forandra.

Gjenta

Glidebrytaren Gjenta bestemmer kor mange gonger filteret skal gjenta prosessen.

Tilfeldig frø, New Seed

This option controls the randomness of the filter. The Random seed box lets you manually enter a seed for the randomization algorithm used. You can also generate a random seed by pressing the New Seed button. If the same random seed is used in the same situation, the filter produces exactly the same results. A different random seed produces different results.