9.5. Normalkart

9.5.1. Oversyn

Dette filteret genererer eit normalkart ut frå eit høgdekart. Dette er eit tidleg arbeid, og vert nok mykje endra etter kvart.

Me vil bruka eit høgdekart laga med Del 14.8, «Simplex-støy»:

Figur 17.182. Eksempel på naormalkart

Eksempel på naormalkart

Høgdekart

Eksempel på naormalkart

Filteret brukt med standard innstillingar. Dette gjev eit normalkart.


9.5.2. Aktivering av filteret

Du finn dette fileter i hovudmenyen underFilterGenereltNormalkart….

9.5.3. Innstillingar

Figur 17.183. Innstillingane for «Normalkart»

Innstillingane for «Normalkart»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Skaler

Kor mykje høgdeverdiane vert skalerte: auk eller minst ruglene.

Skaler = 2

X-, Y-komponent

Komponenten brukt for X- og Y-koordinata;: Du kan velja mellom dei tre fargane for ruglene.

Merk at viss du endrar desse verdiane vert det lagt nye fargar til fargane som finst frå før, noko som gjev komplementærfargane.

Spegelvend X, Y

Spegelvend X, Y-koordinata: spegelvend ujamnheiter vassrett og loddrett. Ruglene har ein tydeleg kant og ein motsett mørk kant, noko som gir ei kjensle av at lys kjem frå ei bestemt retning. For å sjå ujamnheitene i staden for hola, må lyset koma frå øvre, venstre hjørne. Leik med spegelvend X og spegelvend Y for å få denne lyssetjinga.

Etter å ha leikt med spegelvend X og spegelvend Y

Fullt Z-område

Bruk heile området [0, 1] for å koda Z-koordinata: Du kan få ein meir brå fargeovergang.

Kan flisleggjast

Genererer eit kart som kan flisleggjast: