14.7. Plasma

14.7.1. Oversyn

Figur 17.339. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Plasma»


Fargane dette filteret lagar er fullstendig metta. Dersom dei sterke fargane ikkje passer i biletet, kan du oppnå interessante verknader ved å avmette biletet med menyvalet FargarMindre metning.

14.7.2. Aktivering av filteret

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterTeikningarStøyPlasma….

14.7.3. Innstillingar

Figur 17.340. Innstillingane for filteret «Plasma»

Innstillingane for filteret «Plasma»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Turbulens

Parameterane kontrollerar kor kompleks plasmaen skal vera. Eit høgt tal gjev harde skyer noko liknande ei abstrakt oljemålarstykke eller mineralkorn, medan eit lågt tal gjev mjukare skyer som kan minna om røyk eller damp. Området er 0,0 til 7,0.

Tilfeldig frø

Dette alternativet styrer slumpelementet. Nytt frø vil generera eit nytt frø. Det er ingen grunn til å bruka noko anna med mindre du ønskjer å gjenta nøyaktig same slumpmønsteret seinare.