8.45. Reinhard 2005

8.45.1. Oversyn

Figur 16.214. Eksempel på bruk av «Reinhard 2005» tonetilordning

Eksempel på bruk av «Reinhard 2005» tonetilordning

Originalbiletet

Eksempel på bruk av «Reinhard 2005» tonetilordning

Filter brukt med standardinnstillingar, etter endring av biletpresisjonen i GIMP til 32-bits desimalpunkts lineært lys.


Dette filteret kan brukast til å tilpassa eit bilete med eit høgt dynamisk område (HDR) for presentasjon med bruk av eit lågt dynamisk område. Dette er ein effektiv, global operator avleidd frå enkle fysiologiske observasjoner, som lagar luminans innføre området 0,0-1,0.

Denne tonetilordningstilnærminga vart opphavleg presentert av Reinhard, E. og Devlin, K. (2005). «Dynamic range reduction inspired by photoreceptor physiology.» I: IEEE Transactions on Visualization and Computer Graphics, 11(1) (2005), pp. 13–24.

[Notat] Notat

Sjølv om det ikkje er så sakte som filtra Fattal og Mantiuk, er Reinhard-filteret likevel nokså tidkrevhande på store bilete. For å finna dei beste innstillingane for biletet, kan du laga eit lite, representativt utval og prøva ut filteret på det. Finn du høvelege innstillingar, lagrar du desse og brukar dei på heile biletet.

8.45.2. Aktivera filteret

Du har tilgang til filteret frå hovudmenyen under FargarTonetilordningReinhard 2005.

8.45.3. Innstillingar

Figur 16.215. Dialogvindauget for filteret «Reinhard 2005»

Dialogvindauget for filteret «Reinhard 2005»

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Colors Common Features».

Lysstyrke

Generell lysstyrke på biletet

Kromatisk tilpassing

Tilpassing til fargevariasjonar på tvers av biletet

Lystilpassing

Tilpassing til lysvariasjonar på tvers av biletet

Inndatatype, klipping, blandingsalternativ, førehandsvising og delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Colors Common Features».