6.3. Supernova

6.3.1. Oversyn

Figur 17.107. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Supernova»


Dette filteret lagar ei stor stjerne som kan minna om ei supernova. Filteret verkar både på gråtone- og RGB-bilete. Lysmengda avtar i høve til 1/r der r er avstanden frå stjernesentrum (omvendt proporsjonal med avstanden).

6.3.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterLys og skuggeSupernova….

6.3.3. Innstillingar

Figur 17.108. Innstillingane for filteret «Supernova»

Innstillingane for filteret «Supernova»

Presets, «Input Type», Clipping, Blending Options, Førehandsvising, Merge filter, Split view
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Senter X, Senter Y

Du kan bruka innskrivingsboksane og setja vassrett (X) og loddrett (Y) koordinat for midtpunktet av supernovaen. Du kan også klikka og dra midtpunktet i førehandsvisinga.

Radius

Dette er radius for senterområdet til supernovaen. Den øvre grensa ser ut til å vera uendeleg. Når du aukar verdien vert talet på sentrale kvite pikslar auka etter formelen r · r, (1, 4, 9 …), altså kvadratet av avstanden.

Radius vert representert med ei vassrett linje med eit kryss i enden i førehandsvisinga. Du kan klikka og dra dette krysset for å endra radiusen.

Talet på stråler

Her bestemmer du kor mange stråler (1-1024) supernovaen skal sende ut.

Tilfeldig kulør

Color rays at random. (0-360) value seems to be a range in HSV color wheel.

Farge

Klikk på fargeruta for å opna det vanlege fargedialogvindauget for å bestemma fargen på effekten.

Det er også ein fargeplukkar. Når denne er vald, vert musepeikaren endra til eit kvadrat. Dette viser kor stor fargeprøven er. Du kan endra storleiken i vindauget for GEGL-operasjonar i verktøykassa.

Tilfeldig frø

Filtereffekten sett tilfeldig. Du kan endra frø.