11.5. Glasfliser

11.5.1. Oversyn

Figur 17.203. Det same biletet utan og med effekten av glasfliser.

Det same biletet utan og med effekten av glasfliser.

Originalbiletet

Det same biletet utan og med effekten av glasfliser.

Etter bruk av filteret «Glasfliser»


Når dette filteret er brukt, vert det gjeldande laget eller utvalet sjåande ut som sett gjennom ein vegg av glasbrikker.

11.5.2. Aktivera filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterArtistiskGlasfliser….

11.5.3. Innstillingar

Figur 17.204. Innstillingane for filteret «Glasfliser»

Innstillingane for filteret «Glasfliser»

Førehandsval, «Inndatatype», klipping, blandingsval, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Flisbreidd, Flishøgd

Set breidda og høgda (10-50 pikslar).

Normalt er breidda og høgda lenkja saman, indikert med lenkjesymbolet ved inngangsboksaen. Ønskjer du å setja breidda og høgda kvar for seg, klik på lenkjesymbolet for å bryta lenkja.