11.6. Oljemaling

11.6.1. Oversyn

Figur 17.205. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «oljemaling»


Som namnet indikerer, gjer dette filteret at biletet vert nokså likt eit oljemaleri. Du kan bestemma kor stor pensel filteret skal bruke med kommandoen Penselbreidde.

[Tips] Tips

Ønskjer du meir kontroll med korleis «oljemalieriet» skal sjå ut, kan du prøve filteret GIMPressionist som kan gjere nokolunde det same, men med fleire innstillingar.

11.6.2. Aktivera filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterArtistiskOljemaling….

11.6.3. Innstillingar

Figur 17.206. Innstillingane for filteret «Oljemaling»

Innstillingane for filteret «Oljemaling»

Førehandsval, «Inndatatype», klipping, blandingsval, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Tilleggsinngangen, Tilleggsinngang 2

Du kan definera to ekstra lag eller kanalar som vert brukte som inngang for dette filteret.

Maskeradius

Maskeradius vel storleiken på penselmaska som vert brukt til å teikna den oljeaktige gjengjevinga. Høge verdiar gjev her meir oljete teikning.

Eksponent

Eksponenten bestemmer dekkevna for penselen som lager dei oljeaktige stroka.

Kor mange intensitetar

Storleiken på histogrammet: standard er 128. Gjer du dette talet mindre, vert resultatet mindre detaljrikt.

Intensitetsmodus

Bruk verdien for pikselluminans: til test.