5.17. Vind

5.17.1. Oversyn

Figur 17.97. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Vind»


Vindfilteret kan brukast til å lage fartssløring, eller som eit generell sløringsfilter. Det som er karakteristisk for dette filteret, er at det finn kantar i biletet og «bles» ut tynne svarte eller kvite striper frå desse kantane. Sidan det er kantane som vert mest sløra når du fotograferer raske rørsler, kan dette filteret også brukast for å gje ein illusjon av rørsle.

5.17.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterForvrengingarVind….

5.17.3. Innstillingar

Figur 17.98. Innstillingane for filteret «Vind»

Innstillingane for filteret «Vind»

Grensesnittet er ganske enkelt. Du kan setja Styrke på vinden og ein terskel-verdi. Terskel-verdien avgrensar effekten til færre område av biletet. Styrke kontrollerer mengda av viund, så ein høg verdi vil teikna ein storm. Du kan også forsterka effekten ved å setja Stil til blåst, som vil gje noko tjukkare linjer enn vind.

Det er mogleg å stilla inn vinden berre i to retningar, anten venstre eller høgre. Du kan likevel kontrollera kva kant vinden skal koma frå ved å bruka verdiene «leiande» (i lo), «hengande» (i le) eller «begge». Fordi «leiande» lagar ein svart vind, vert rørslesløringa mindre truverdig enn «leiande», som lagar ein kvit vind.

Dei følgjande illustrasjonane er baserte på dette biletet:

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Stil
Vind

Dette alternativet er det som gjev den beste suggestive rørsleeffekt. Spora er tynne.

Blåst

Dette alternativet prøver å foreslå ei utblåsing på grunn av ein eksplosjon. Spora er tykke.

Retning

Du kan velja om vinden skal koma frå venstre eller frå høgre.

Påverka kant
Leiande

Fartsstripene vil byrje frå den kanten som vender mot vinden. Stripene vil såleis gå inn over biletobjektet og dra med seg fargane frå objektet.

Fartsstriper

Fartsstripene vil byrje frå den kanten som vender frå vinden.

Begge

Kombinerer begge effektane.

Grenseverdi

Grensa for kva filteret skal oppfatta som ein kant i biletet. Dess høgare verdi dess færre kantar vert oppdaga.

Styrke

Høgare verdiar forsterkar effekten.

Tilfeldig frø ("Random seed")

Vindeffekten vert laga tilfeldig. Du kan bruka eit anna frø.