11. «Vindauge»-menyen

Denne menyen vert brukt for å administrera dialogvindauget for vindauge i GIMP:

Menynamnet «Vindauge» passar vel eigentleg ikkje heilt i enkeltvindauge-modus. Oppføringane i menyen viser til funksjonar som finst både i enkelt- og multivindauge-modus. Kva som vert vist, er avhengig av om det er finst biletvindauge og dokkpanel eller ikkje:

Figur 16.234. Innhaldet i menyen «Vindauge»

Innhaldet i menyen «Vindauge»

Utan opne bilete

Innhaldet i menyen «Vindauge»

Med opne bilete


  1. Tidlegare lukka dokkpanel: Dette menyvalet opnar lista over dei dokkpanela du nyleg har lukka. Du kan opna dei igjen ved å klikka på namnet. Legg merkje til at frittståande, isolerte vindauge ikkje er med i denne lista.

    Du finn meir informasjon om dette i Dialogar og dokkpanel.

  2. Dokkpanel: Opnar ei liste over dokkpanel som kan limast inn i andre dokkpanel. Sjå om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».

  3. Verktøykassa: Klikk på denne oppføringa, eller bruk tastekombinasjonen Ctrl+B for å løfta verktøykassa og som oftast også verktøyinnstillingane til fremst på skjermen. Merk at i enkeltvindaugemodus har dette ingen effekt sidan verktøykassa er ein del av hovudvindauget.

  4. Lista over opne biletvindauge: Klikk på eit biletnamn, eller bruk tastekombinasjonen Alt+biletnummeret for å gjera biletet til det gjeldande.

  5. Lista over opne dokkpanel: Desse får namn etter det dialogvindauget som er i bruk i dokkpanelet. Klikk på namnet for å løfta dokkpanelet. Merk at i enkeltvindaugemodus vert berre dokkpanel som ikkje er ein del av hovudvindauget viste her.

  6. Gøym dokkpanela (fane): Gøymer dokkpanela (som til vanleg finst både på høgre og venstre side av biletet). Berre biletvindauget vert synleg. Dersom du lukkar GIMP med denne statusen, vert GIMP opna neste gong med same status.

  7. Vis faner: i enkeltvindaugemodus endrar denne kommandoen om fanene skal visast eller ikkje med alle opne vindauge. Som standard er fanelinja synleg, men du kan gøyma ho viss du ikkje treng ho eller treng litt ekstra plass på skjermen.

    Kommandoen er slått av i multivindaugemodus.

  8. Faneposisjon: I enkeltvindaugemodus kan du bruka denne kommandoen for å plassera fanelinja som viser kva bilete som er lasta inn. Som standard er fanelinja sett på Topp, men du kan endra dette for å visa linja på Botn, til Venstre eller til Høgre.

    Kommandoen er slått av i multivindaugemodus.

  9. Enkeltvindauge-modus: når slått på, vert GIMP vist i eitt vindauge. Sjå meir om dette i Enkeltvindauge-modus.