6.9. Bruk sRGB-profil

Når Bruk sRGB-profil er avkryssa, vert eit av GIMP sine innebygde sRGB fargerom tilordna biletet.

Dersom du har vald å visa ICC-fargeprofilen som er brukt i biletet på tittellinja (som er standard) eller statuslinja (sjå innstillingane for Format bilettittel og statuslinje) ved å merkja av for Bruk sRGB-profil vert «GIMP innebygd sRGB» vist i tittelen etter statuslinja i staden for den tilordna fargeprofilen for biletet.

[Notat] Notat

For bilete utan fargeprofil, eller som har ein sRGB-profil, er Bruk sRGB-profil kopla ut og merkt av som standard. For bilete som har ein annan fargeprofil vil dette alternativet vera slått på og avmerkt. Det er best å lata det vera slik med mindre du veit kva du gjer.

6.9.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til denne kommandoen på hovudmenyen via BileteFargestyringBruk sRGB-profil.

6.9.2. Brukarnotat for Bruk sRGB-profil

Det beste rådet er å aldri kryssa av for Bruk sRGB-profil når du brukar ein annan fargeprofil.

6.9.3. Kva gjer GIMP når Bruk sRGB-profil er slått på?

Når du merkjer av for Bruk sRGB-profil gjer GIMP desse to tinga:

  1. Same kva ICC-profil som for tida er brukt i biletet vert han lagra for seinare redigering, presisjon og fargestyringar, men vert ikkje brukt. Ein innebygd GIMP-profil vert brukt i staden for den tidlegare brukte ICC-profilen:

    • Viss biletet brukar ulineær koding, vert ICC-profilen «GIMPs innebygde lineære sRGB» brukt.

    • Viss biletet brukar kodinga for lineær lys, vert ICC-profilen «GIMPs innebygde lineære sRGB» brukt.

    Du kan sjå at ein av dei innebygde sRGB-profilane som er innebygde i GIMP er brukt ved å gå inn på BileteEigenskapar og merkja av for Fargeprofil.

6.9.4. Kva skjer med biletet og biletutsjånaden når Bruk sRGB-profil er merkt?

[Notat] Notat

Tilordning av ein ny profil til eit bilete endrar ikkje dei aktuelle kanalverdiane for biletet. Bruk av ein ny ICC-profil endrar berre kva kanalverdiane betyr, noko som gjer at utsjånaden til biletet vert endra. Dette gjeld ikkje når den opphavlege profilen og den nye profilen er funksjonelt like.

Når Bruk sRGB-profil er merkt, vil GIMP bruka ein av dei innebygde sRGB-profilane i GIMP i biletet. Bruk av ein ny ICC-profil i eit bilete endrar ikkje kanalverdiane for biletet, men fører til meir eller mindre drastiske endringar i utsjånaden til biletet:

  1. Dersom biletet brukar eit av dei innebygde fargeromma i GIMP eller den brukte ICC-profilen er funksjonelt lik den brukte innebygde sRGB-profilen, vert biletet ikkje endra.

  2. Dersom biletet ikkje er sett til eit av dei innebygde fargeområda, og ikkje brukar eit fargeområde som er funksjonelt likt den brukte innebygde sRGB-profilen, vert biletet endra meir eller mindre drastisk avhengig av tre ting:

    • Kva GIMP kanalkoding– Lineært lys eller ulineært lys – biletet var i før Bruk sRGB-profile vart avmerkt.

    • Kor langt den opphavleg brukte kanalen for ICC-profilen («TRC») er frå GIMP sine verdiar for kanalkodinga.

    • Kor langt raud-, grøn- og blå-kromatiseringa i den opphavlege ICC-profilen i biletet er frå den innebygde sRGB-profilen i GIMP.

6.9.5. Eit skjermbilete som viser eit eksempel på feil biletutsjånad etter å ha merkt av for Bruk sRGB-profil

Biletet er fargestyrt: Ein ICC-profil er brukt på biletet og denne profilen er brukt for å senda biletfargane til skjermen. Etter at det er kryssa av for Bruk sRGB-profil er ein av dei innebygde sRGB-profilane i GIMP feilaktig tilordna biletet slik at fargane ser feil ut.

I skjermbilete nedanfor passar kanalkodinga for den opphavlege profilen kodinga for GIMP-kanalen, begge er lineære, men kromatisiteten til profilen «LargeRGB-elle-V4-g10.icc» svarar ikkje til kromatisiteten til den innebygde sRGB-profile i GIMP. Etter å ha merkt av for Bruk sRGB-profil er fargetonaliteten korrekt, men fargane er feil. Biletet er framleis fargestyrt, men med feil ICC-profil:

Figur 16.57. Eit skjermbilete viser effekten av å klikka på «bruk sRGB».

Eit skjermbilete viser effekten av å klikka på «bruk sRGB».

Bilete som brukar profilen LargeRGB-elle-V4-g10.icc.

Eit skjermbilete viser effekten av å klikka på «bruk sRGB».

Same biletet etter at det er merkt av for Bruk sRGB-profil.


[Obs] Obs

Dersom den brukte ICC-profilen i det opphavlege biletet ikkje brukar den same kodinga for kanalar og kromatisitet som den innebygde sRGB-profilen, og du fjernar avkryssinga for Bruk sRGB-profilen og deretter skifter meining og fjernar merkinga igjen, vert den opphavlege ICC-profilen brukt og biletet er uendra.

Elles, om du kan gjenoppretta den opphavleg tildelte ICC-profilen og riktige fargar for biletet, er avhengig av kva anna du har gjort frå du merkte av for Bruk sRGB-profil og til du fjerna avmerkinga igjen.

Det beste rådet er igjen å aldri merk av for Bruk sRGB-profil.