6.8. Fargestyring

[Notat] Notat

For fargevisingar som er relaterte til visingsinnstillingane, sjå Del 5.12, «Fargehandsaming».

Sjå Del 6.4, «Fargestyring» om innstillingane for generell fargehandsaming i GIMP.

Undermenyen Fargestyring inneheld kommandoar for å endra ICC-fargeprofilen som er knytt til eit biletet, lagra den tilknytte ICC-profilen til eit lagringsmedium, gje profilen og innstillingane for utskriftssimuleringa og slå av eller på svartpunktkompensering. Desse kommandoane er tilgjengelege i undermenyen «Fargestyring».

6.8.1. Bruka undermenyen Fargestyring

Du har tilgang til denne kommandoen på hovudmenyen via BileteFargestyring.

6.8.2. Innhaldet i undermenyen «Fargestyring»

  • Bruk sRGB-profilen

  • Bruk fargeprofil

  • Konverter til fargeprofil

  • Fjern fargeprofil

  • Lagra fargeprofilen til fil

  • Profil for utskriftssimulering

    Ingen er standardvalet. Nedtrekkslista gjev deg høve til å velja Vel farge frå lagringsmedium….

  • Gjengjevingsform for utskriftssimulering

    Fire modusar er tilgjengelege: «Perseptuell», «Relativ kolorimetrisk», «Metning» og «Absolutt kolorimetrisk». Prøv dei og vel det som ser best ut.

  • Svartpunktkompensering

    Prøv med og utan svartpunktkompensering og vel det som ser best ut.