6.7. Koding

Undermenyen Koding inneheld kommandoar for å endra kodinga av biletet. Vala her påverkar presisjon- og kanalkodingane brukte for å lagra biletet i RAM medan du arbeider på det.

6.7.1. Aktivering

Du har tilgang til denne kommandoen på hovudmenyen via BileteKoding.

6.7.2. Innhaldet i undermenyen «Koding»

Undermenyen for koding er delt i to: presisjon og kanalkoding.

Presisjon

Kva presisjon eit bilete vert lagra med er avhengig av bit-djupna (8-bits, 16-bits eller 32-bits) og om dataa vert lagra som heiltals- eller desimaltalsdata. Menyen har desse vala:

  1. Vala for heiltalspresisjon

    • 8-bits heiltal

      [Notat] Notat

      Når du vel å konvertera eit bilete med 32-bits desimalpresisjon til 8-bits heiltal vert dialogvindauget konvertering opna der su kan setja innstillingar for utjamninga.

    • 16-bits heiltal

    • 32-bits heiltal

  2. Vala for flyttalspresisjon

    • 16-bits flyttal

    • 32-bits flyttal

Kanalkoding (gamma)

I kodemenyen kan du også velja kanalkoding for biletdataa (av og til referert til som gamma). For tida har du to val:

  • Lineært lys som kodar kanaldataane med lineær gamma-TRC.

  • Ulineær som kodar kanaldataa med ulineær gamma ved å bruka den valde fargeprofilen for biletet.

6.7.3. Val av biletpresisjon og kanalkoding

[Notat] Notat

Same kva du vel i kodemenyen så vert alle interne prosessar gjort i 32-bits flyttalspresisjon og i dei fleste redigeringsprosessane vert det brukt koding med lineært lys.

Kva innstillingar for koding bør eg velja? Kort sagt:

  1. For å utnytte GIMP sine interne 32-bits desimalpresisjon fullt ut, vel 32-bits desimalpresisjon og koding med lineært lys.

  2. Dersom du arbeider på ein maskin med lite RAM, eller med svært store bilete og mange lag, bør du vurdera å bruka 16-bits desimal- eller heiltalspresisjon.

  3. Dersom du ønskjer å redigera biletet i høg bit-djupn, men ikkje ønskjer å arbeida med kanalverdiar som desimaltal, bruk 16-bits heiltalpresisjon.

  4. Når du brukar utskriftssimulering på eit bilete, byt til ulineær kanalkoding for å unngå ein del problem med å visa prøvetrykk med lineær gamma på skjermen ved bruk av «Little CMS».

  5. På ein mindre kraftig datamaskin med ei avgrensa mengde RAM, bør du vurdera å bruka 8-bits heiltalspresisjon saman med ikkje-lineær kanalkoding (som er standard for 8-bit). Viss du vel lineær lyskanalkoding ved 8-bitd presisjon, får biletet skjemmande posteriserte skuggar.

6.7.4. Meir om presisjonsvala

  1. Val av bit-djupn (8-bits, 16-bits og 32-bits):

    • Bit-djupna set grensene for kor mykje presisjon som er tilgjengeleg under arbeidet med biletet. Når alt anna er uendra, vil høg bit-djupn gi best presisjon.

    • Bit-djupna er med å bestemmer kor mykje RAM som er nødvendig for biletet. Dess høgare bit-djupn dess meir RAM trengs det. Kor mykje RAM som vert brukt, er også avhengig av storleiken på biletlaga og kor mange lag biletet inneheld.

  2. Valet mellom heiltals- og flyttalspresisjon:

    • Desimaltalspresisjon må brukast dersom du vil utnytta bitdjupna i GIMPs interne 32-bits desimaltalprosessering. Desimaltalspresisjon tillet å bruka kanalverdiar som fell utanom display-referred range frå 0,0 («vis svart») til 1,0 («vis kvit»), og gjer det såleis mogleg å bruka mange nyttige eigenskapar som for eksempel ubunden ICC-profilkonversjonar og redigeringsoperasjonane Høgt dynamisk områdescene-referert.

    • I motsetnad til desimalpresisjon kan heiltalspresisjon ikkje lagra kanalverdiar utanfor visingsområdet. Vel du ein heiltalspresisjon frå presisjonsmenyen, vert alle desimalverdiane som måtte koma fram i prosessen klipt bort for å passa i det tilsvarande desimalområdet mellom 0,0 og 1,0:

      • 8-bits heiltalverdiar vert avgrensa til området 0-255.

      • 16-bits heiltalverdiar vert avgrensa til området 0-65 535.

      • 32-bits heiltalverdiar vert avgrensa til området 0-4 294 967 295.

    • Ved ei bestemt bit-djupn er heiltalspresisjon betre enn desimaltalspresisjon når dei andre innstillingane er like. Ein 16-bits heiltalspresisjon er altså meir presis enn ein 16-bits desimaltalspresisjon. I GIMP får du likevel ikkje betre presisjon ved å velja 32-bits heiltalspresisjon i staden for 32-bits desimaltalspresisjon fordi GIMP utfører alt internt arbeid på biletet i 32-bits desimaltalspresisjon. Hugs at presisjonsmenyen berre bestemmer korleis informasjonen vert lagra i RAM.

    • Med den same bit-djupna vil heiltals- og desimaltalspresisjon bruka nokså nær den same lagringsplassen både i RAM og på lagringsmedium.

  3. Velja mellom lineært lys og ulineær kanalkoding:

    • Dersom du vel kanalkodinga lineært lys og 8-bits presisjon, kan du få stygge posteriserte skuggar. Så ikkje bruk lineært lys utan høg bitdjupn.

    • Når du viser prøvetrykk på skjermen, vil kontrollen med fargar som ikkje kan visast på skjermen visa feil resultatet dersom biletet er sett til presisjonen lineært lys. Så bruk ulineær før du slår på utskriftssimuleringa.

    • Kanalkodinga lineært kys eignar seg ikkje for 8-bits redigering eller for fargeprøvetrykk på skjermen. Vala du gjer i presisjonsmenyen vil likevel ikkje ha så mykje å seia for arbeidsmåten din:

      • Dersom du vel «Lineært lys» vert for tida verdiane for gammakanalen viste som «pikselverdiar» når du brukar fargeplukkaren, vis prøvepunkta og dialogvindauget for peikaren. Vel du «ulineær» vert den perseptuelle einsforma kanalverdien vist i staden.

      • Førebels vil den kanalkodinga du vel påverka feil fargar. Dette er synleg dersom du merkjer av for Del 6.9, «Bruk sRGB-profilen» og biletet ikkje er i GIMP sin innebygde sRGB-fargeprofil (men med kva kanalkodingsval som helst, fargane er likevel feil).

      • Den einaste andre måten vala i kodemenyen påverkar arbeidet på har med resultata du får når du brukar «Gamma hack» i avanserte fargeval.

6.7.5. Dialogvindauget for kodekonvertering

For dei fleste presisjonskonverteringane vil dette dialogvindauget berre spørja korleis Gamma skal setjast. Men for konvertering frå 32-bits desimaltalspresisjon til 8-bits heiltal, vert dialogvindauge nedanfor vist. Dette spør også om utjamning.

Figur 16.60. Dialogvindauget for «presisjonskonvertering» for 32-bits desimal til 8- bits heiltal

Dialogvindauget for «presisjonskonvertering» for 32-bits desimal til 8- bits heiltal

Gamma

Vala for Gamma er forklarte i innstillingane for kanalkoding.

Utjamning

Når du reduserer presisjonen frå 32-bits desimalpresisjon til 8-bits heiltalspresisjon, forsvinn nokre av detaljane. Dette kan føra til fargeband på biletet der det er eit tydeleg hopp frå ein farge til ein annan som ikkje skulle vera der. Å bruka utjamning kan vera ein måte å redusera dette på. Utjamning er ein måte å leggja til støy i biletet for å unngå fargeband eller uønskte mønster i biletet på. Dei ulike utjamningsmetodane brukar ulike måtar å leggja til støy på.

Det er tre innstillingar for utjamning for normallag, tekstlag og kanalar og masker. For kvar av desse kan du setja kva type utjamning som skal brulast. Dei ulike metodane er forklarte i innstillingane for utjamningsmetodar for utjamningsfilteret.

Generelt ønskjer du kanskje ikkje å bruka utjamning på tekstlag sidan dett vil føra til tap av tekstinformasjonen, i og med at det vert omforma til eit vanleg lag. Eg ville først prøva konvertering utan utjamning og viss det vert nokre merkbare «kunstige» innslag, ville eg prøvd utjamning på normallaga.