6.15. Spegelvend Loddrett / vassrett

Du kan vende biletet, eller snu det rundt som eit kort, med kommandoane Spegelvend vassrett og Spegelvend loddrett. Desse kommandoane verkar på heile biletet. For å spegelvenda eit utval, brukar du spegelvendingsverktøyet. For å spegelvenda eit lag, brukar du menyen LagTransformer eller spegelvendingsverktøyet.

6.15.1. Aktivera kommandoane

  • Du har tilgang til vassrett spegelvending på hovudmenyen via BileteTransformerSpegelvend vassrett.

  • Du har tilgang til loddrett spegelvending på hovudmenyen via LagTransformerSpegelvend lodddrett.