6.21. Skaler biletet

Kommandoen Skaler biletet gjer biletet større eller mindre ved å endra talet på pikslar i biletet. Dermed også storleiken på biletfila. Lerretet vert tilpassa den nye storleiken.

Kommandoen verkar på heile biletet. Dersom biletet inneheld ulike store lag, kan det hende at nokre av dei vert reduserte til ingenting når du forminskar biletet. Forminskinga fører til at laga får mindre enn ein piksel, men sidan dette er uråd, forsvinn laga. Skulle dette skje, vil du få ei åtvaring på førehand.

Ønskjer du å skalera eit bestemt lag, brukar du kommandoen skaler lag.

[Notat] Notat

Dersom forstørringa fører til at biletet vert større enn «Maksimumsformat for nye bilete» sett i fana Systemresursar i brukarinnstillingane (normalverdi 128 Mb), vert du åtvara og spurd om du verkeleg ønskjer dette. Det vil ikkje føre til problem om du opprettar så store bilete, berre du er klar over at dei tar opp store mengder minne, noko som gjer at maskinen din arbeider seinare og i verste fall kan få GIMP til å krasja eller oppføra seg unormalt.

6.21.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen på hovudmenyen via BileteSkaler biletet….

6.21.2. Beskriving av dialogvindauget «Skaler biletet»

Figur 16.69. Dialogvindauget «Skaler biletet»

Dialogvindauget «Skaler biletet»

Biletstorleik

Eit bilete kan finnast på ein eller fleire av fire ulike stader: i ei biletfil, i RAM (minnet på maskinen din), på skjermen eller på papir. Når du skalerer biletet, forandrar du mengda av pikslar i biletet, og dermed også mengda av minne i RAM eller i biletfila som biletet treng.

Utskriftstorleiken for eit bilete er i tillegg også bestemt av oppløysinga, altså kor mange pikslar det vert avsett på kvar centimeter papir. Ønskjer du å forandra utskriftstorleiken til biletet utan å skalera biletet, altså utan å forandra talet på pikslar, må du bruka dialogvindauget utskriftformat. Kor stort biletet vert på skjermen er ikkje berre avhengig av mengda av pikslar, men også av skjermoppløysinga, forstørringsfaktoren og verdiane som er sette i innstillinga punkt for punkt.

Dersom du forstørrar biletet til meir enn originalstorleiken, vil GIMP rekna ut verdiar for dei manglande pikslane ved hjelp av interpolering, men legg ikkje inn nye detaljar. Dette fører til at dess meir du forstørrar biletet dess meir sløra vert det. Utsjånaden til eit forstørra bilete avhenger av interpolasjonsmetoden du vel. Til ein viss grad kan du forbetra biletet med filteret Gjer skarpare (uskarpmaska) etter skaleringa, men det beste er å bruka høgare oppløysing når du skannar, fotograferer eller kva metode du brukar for å laga digitale bilete. Rasterte, indekserte, bilete eignar seg dårleg til forstørring.

Du må kanskje redusera biletet viss du har tenkt å bruka det på ei nettside. Du må tenkja på at dei fleste internettbrukarane har relativt små skjermar som har problem med å visa eit stort bilete, for eksempel på mobile einingar.

Å leggja til eller fjerna pikslar vert også ofte kalla «resampling».

Breidde; Høgde

Når du klikkar på kommandoen Skaler biletet, kjem det fram eit dialogvindauge som mellom anna viser dimensjonane for biletet. Du kan forandra dette ved å skriva verdiar i rutene for Breidde og Høgde. Dersom lenkjeikonet er ubrote, vil desse to verdiane ha same forholdet seg imellom som i originalbiletet. Bryt du lenkja ved å klikka på henne, kan du setja verdiane uavhengig av kvarandre. Dette vil i tilfelle forandra proporsjonane i vindauget.

Skal du skriva ut biletet, er det som oftast mest praktisk å måla biletstorleiken i millimeter eller tommar. Dette bestemmer du i nedtrekksmenyen. Dersom du vel prosent, bestemmer du storleiken relativt i høve til originalen. Vel du fysiske måleeiningar som mm eller tommar, må du også setja verdiane for X-oppløysing og Y-oppløysing. Dette fordi desse verdiane vert brukte for å rekna om frå fysiske einingar til pikselverdiar.

X-oppløysing; Y-oppløysing

Utskriftsoppløysinga vert bestemt av verdiane i felta X-oppløysing og Y-oppløysing. Du kan ogå endra måleeining med nedtrekksmenyen.

Kvalitet

To change the image size, either some pixels have to be removed or new pixels must be added. The process you use determines the quality of the result. The Interpolation drop-down list provides a selection of available methods of interpolating the color of pixels in a scaled image:

Interpoleringsmetodane er forklarte i Interpolering.

[Notat] Notat

For å skalera lag, utval og banar, kan du bruka skaleringsverktøyet.