6.22. Klipp biletet

Du kan klippa eit bilete på to måtar:

6.22.1. Beskjer til utvalet

Kommandoen Beskjer til utval beskjerer biletet til omrisset av det aktive utvalet ved å fjerna dei stripene av biletet som er fullstendig utanfor utvalet. Område som er delvis utvalde, t.d. med mjuke kantar, vert ikkje berørte. Viss utvalet har mjuke kantar, vert klippinga utført på den eksterne avgrensinga av det mjuke området. Dersom det ikkje finst utval i biletet, er kommandoen gråa ut og utilgjengeleg.

[Notat] Notat

Denne kommandoen beskjerer alle biletlaga. For å beskjere berre det aktive laget, bruk kommandoen beskjer til utvalet.

Du har tilgang til denne kommandoen på hovudmenyen via BileteBeskjer til utval.

6.22.2. Klipp innhaldet

Kommandoen Klipp til innhaldet fjernar ei eventuell ramme frå biletet ved å søkja etter det størst mogleg einsfarga rammeområdet og så klippa ut dette området frå biletet. Beskjeringa liknar på det du oppnår med beskjeringsverktøyet.

Figur 16.70. Eksempel på «Klipp til innhaldet»

Eksempel på «Klipp til innhaldet»

Dette biletet er sett saman av tre lag. Eitt lag med ein raud firkant, eit anna med ein grøn firkant. Begge på ein gul bakgrunn. Det grøne laget er aktivt.

Eksempel på «Klipp til innhaldet»

«Klipt til innhaldet» har klipt biletet til den ytre ramma av det grøne og det raude laget. Berre den delen av det gule laget som er innføre det raudgrøne områda er uendra.


Du har tilgang til denne kommandoen på hovudmenyen via BileteBeskjer til utval.