6.15. Hjelpsystemet

Figur 15.98. Innstillingar for hjelpsystemet

Innstillingar for hjelpsystemet

Denne sida vert brukt til å velja korleis hjelpfunksjonen skal verka i GIMP.


6.15.1. Innstillingar

Generelt

Vis hjelpknappane

Dersom du krysser av for denne, vert det sett inn ein hjelp-knapp i alle verktøydialogvindauga. Denne knappen kan brukast for å opna hjelpsystemet.

Sjølv om hjelpknappen ikkje er synleg, kan du likevel få fram hjelp frå kvar som helst i GIMP ved å trykkja F1.

Handboka

Denne nedtrekkslista let deg velje mellom Bruk ein lokalt installert kopi og Bruk hjelp frå nettet.

Viss det er installert ei eller fleire handbøker på datamaskinen, kjem det opp ei anna nedtrekksliste der du kan velja handbok.

[Notat] Notat

Handboka for GIMP må installerast for seg. Du kan lasta ho ned og sjå hjelp på nettet frå docs.gimp.org.

Viss Internett-koplinga di tillét det, er det best å bruka handboka på nett sidan ho som oftast er best oppdatert. Den engelske nettversjonen av handboka vert oppdatert kvar dag, medan dei andre versjonane, også lokalversjonen, berre vert oppdaterte av og til.

Handlingssøk

Maksimumstorleik for loggen

Standardverdien er 100 (0 - 1000) i loggen.

Tøm handlingsloggen

Dette vil sletta alle tidlegare søk frå loggen.