2.8. Biletet er i indeksert fargemodus.

Symptom: GIMP kan handsama tre ulike fargemodellar: RGB(A), Indeksert og Gråtoner. Når du brukar indeksert fargemodus, vert fargane sett opp i eit fargekart der alle dei brukte fargane er representerte. Hentar du ein ny farge med fargepipetta, vil denne fargen vera i RGB-modus. Dette betyr at dersom du prøver å måla med ein farge som ikkje finst i det indekserte fargekartet, kan du enda opp med feil farge.

Løysing: Om mogeleg, bruk RGB-modus når du arbeidar på eit bilete. Du kan verifisera og velja ein annan Modus frå menyen Bilete. Viss du i staden ønskjer å bruka i indeksert modus, kan du plukka den ønskte fargen frå dialogvindauget Fargekart.