Dette verktøyet vert brukt for å utbetra småfeil i biletet, for eksempel flekkar i eit portrett. Før du brukar verktøyet, må du velja ein pensel omlag like stor som feilen. Deretter Ctrl-klikk på det området du ønskjer å bruka til utbetringa. Slepp opp Ctrl-tasten og klikk på området der feilen er. Dersom feilen er liten, dvs. avvik lite frå omgivnadane, kan det vera nok å klikka éi gong. Er feilen større, kan det henda du må klikka fleire gongar, men då med fare for å smøra biletet utover.
For å bruka det finn du ein penselstorleik som er mest mogleg den same som feilen du skal retta opp. Ctrl-klikk deretter på det området som du ønskjer å kopiera frå. Slepp opp Ctrl-tasten og dra kopien til feilen og klikk. Er feilen liten og ikkje skil seg mykje ut frå omgjevnadane, kan feilen snart vera utbetra, elles kan du prøva med fleire klikk. Ver litt varsam, mange klikk på same staden har lett for å grumsa til biletet.
Det er fleire måtar å slå på verktøyet på:
Frå hovudmenyen via
→ → .Ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassa.
Ved å trykkja tasten H.
Ctrl-tasten vert brukt for å markera kva område verktøyet skal henta biletdata frå. Hald nede Ctrl-tasten medan du klikkar i det gjeldande biletlaget der du vil henta data frå. Du kan bruka data frå kva biletlag eller bilete som helst. Kva for eit lag som er det gjeldande kan du sjå i lagdialogvindauget. Biletdata frå det punktet du klikka på vert brukte når du byrjar å helbreda biletet. Når du held nede Ctrl-tasten vil markøren syna dette ved å visa eit kryss.
Dersom du trykker denne tasten, vil du sjå ein tynn strek mellom det punktet du sist klikka på som kjeldeområde og til musepeikaren. Dersom du klikkar igjen, medan du held nede Shift-tasten, vil verktøyet «helbrede» langs denne linja.
Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa så snart som du slår på verktøyet. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via
→ → som vil opna verktøyinnstillingane for det valde verktøyet.Du finn ei beskriving av innstillingar som gjeld mange eller alle teikneverktøya under felles innstillingar for teikneverktøya.
Hard kant: dette gjev eit hardt omriss rundt det helbreda området,.
Dersom denne er slått på, vil verktøyet henta data frå alle synleg laga i biletet, ikkje berre frå det gjeldande laget.
SjåDel 3.12, «Kloning» korleis du brukar «Flett synlege» i ikkje-destruktiv biletredigering.
Denne innstillinga er omtalt underkloneverktøyet.