3D Transform-verktøyet let deg endra perspektivet til eit lag og flytta det i 3D-rommet. Du kan setja eit forsvinningspunkt og deretter rotera laget langs X-, Y- og Z-aksane.
Du har her det vanlege dialogvindauget med innstillingar i verktøykassa og på-lerretet-innstillingane.
Du kan slå på verktøyet på mange måtar:
Frå hovudmenyen via
→ → .Ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassa.
Med tastatursnarvegen Shift + W.
Du kan få opp verktøyinnstillingane ved å dobbeltklikka på verktøysymbolet i verktøykassa:
Med dette valet kan du endra forsvinningspunktet og også panorera og rotera utan å byta mellom fanene i dialogvindauget for på-lerretet-innstillingane.
Når du held nede Shift vert den gjeldande transformeringsaksen fest i førehandsvisinga.
Når du trykkjer Ctrl, vert transformeringa gjort rundt Z-aksen.
Dette valet gjer at du kan kontrollera transformeringa av den lokale ramma i det gjeldande laget i staden for i alle laga.