10.3. Filmstripe

10.3.1. Oversyn

Figur 17.193. Eksempel på bruk av filteret «Filmstripe»

Eksempel på bruk av filteret «Filmstripe»

Originalbilete

Eksempel på bruk av filteret «Filmstripe»

Filteret «Filmstripe» brukt


Filteret «Filmstripe» let deg setja inn eitt eller fleire bilete på ein filmstrimmel.

[Notat] Notat

Dette filteret inverterer ikkje fargane, så det imiterer ikkje ein negativ film, altså ein slik film som det vert laga papirbilete av. I staden kan du tenkja deg at det imiterer eit lysbilete eller ein kinofilm.

10.3.2. Å opne filteret

Du finn dette filteret i FilterKombinerFilmstripe….

10.3.3. Innstillingar

10.3.3.1. Utval

Figur 17.194. Innstillingane for filteret «Filmstripe» (Utval)

Innstillingane for filteret «Filmstripe» (Utval)

Filmstripe

Tilpass høgda etter bileta

Brukar høgda på det originale biletet i det endelege biletet.

Høgd

Her kan du bestemma høgda på sluttbiletet. Dersom bileta har ulike format, vert dei skalerte til den høgda du skriv inn her.

Farge

Ved å klikka på fargeruta kan du definera fargen på sjølve filmen, altså det som er rundt og mellom bileta.

Nummerering

Startindeks

Definerer kva tal nummereringa av bileta skal byrja med.

Skrifttype for tala

Definerer skrifttypen for tala.

Farge på tala

Ved å klikka på fargeknappen kan du velja farge på tala.

Øvst, Nedst

Her bestemmer du plasseringa av talet.

Biletutval

Tilgjengelege bilete

Viser bileta som kan flettast. Bileta er dei som alt er opna i GIMP.

På film

Viser bileta som skal vere med på filmen.

Legg til

Denne knappen vert brukt for å leggja eit tilgjengeleg bilete over i lista «På filmen».

Fjern

Trykk på denne knappen for å flytta eit bilete frå «På filmen» til «Tilgjengelege bilete». Biletet vert nå ikkje brukt i sluttdokumentet.

10.3.3.2. Avansert

Figur 17.195. Innstillingane for filteret «Filmstripe» (Avansert)

Innstillingane for filteret «Filmstripe» (Avansert)

Bilethøgde

Definerer høgda på kvart bilete i det ferdige biletet.

Biletavstand

Definerer avstanden mellom bileta som vert sette inn i den framtidige biletet.

Holforskyving

Bestemmer kor langt gripeholet skal vere frå biletkanten.

Holbreidde

Bestemmer kor breie gripehola skal vere i det endelege biletet.

Holhøgd

Bestemmer kor høge gripehola skal vera i det frdige biletet..

Holavstand

Bestemmer avstanden mellom gripehola

Talhøgde

Bestemmer høgda på indekstala, proporsjonale med bilethøgda.