Dette filteret kan gjera det same som filtera kubisme og bruk lerret og ein heil del i tillegg. Det gjer at biletet vert sjåande ut som eit målarstykke på eit papir og med ein sjølvvald pensel. Det verkar på det gjeldande laget eller utvalet.
Dialogvindauget har på venstre sida ei alltid synleg førehandsvising og på høgre sida ei større mengde innstillingar for GIMPressionist i ulike faner.
Førehandsvisinga syner ikkje endringane i biletet før du har trykt på knappen
. Dette rett og slett fordi filteret bruker så mykje datakraft at det ville seinka arbeidet stendig å stendig måtte oppdatere. Skulle du kome for langt ut på viddene, kan du alltid bruke knappen for å setje alle parametra tilbake til originalbiletet.Filteret «GIMPressionist» har mange ulike innstillingar. I tillegg kan desse innstillingane kombinerast og såleis gje nesten uteljande mange ulike påverknader på biletet. Difor er det også viktig å lagra eventuelle interessante innstillingar du måtte kome fram til. Det er uråd å hugse alle kombinasjonane. Sidan utvalet er så stort, er det også vanskeleg å vita på førehand kva resultatet vert.
Innstillingane for «Førehandsinnstillingar»
Lagrar dei gjeldande innstillingane. Bruk dialogboksen til venstre for denne knappen til å gi innstillingane eit namn og eventuelt ei kort beskriving i dialogvindauget som dukkar opp.
Trykk på denne knappen for å hente parametra for den valde førehandsinnstillinga i lista.
Trykk på denne knappen for å slette den valde førehandsinnstillinga i lista. Du kan berre slette innstillingar du har laga eller lagt inn sjølv.
Oppdaterer lista over førehandsinnstillingar.
I denne fanen kan du velje teksturen på biletoverflata frå lista med ferdiglaga teksturane. Strukturen for den valde teksturen vert vist i ei førehandsvising.
Innstillingane for fanen «Papir»
Inverterer den valde teksturen slik at det som før såg ut som ei hole nå ser ut som ein hump, og omvendt.
Den valde teksturen vert lagt over biletet som eit gjennomsiktig papir i staden for å påverka biletet direkte.
Denne glidebrytaren bestemmer storleiken på teksturen i prosent av originalen. 100% betyr at mønsteret vert det same som vist i førehandsvisinga.
Med denne glidebrytaren bestemmer du styrken på teksturen, altså kor mykje teksturen skal vere synleg i biletet.
I denne fanen finn du alle «reiskapa» som kan brukast for å teikne på biletet. Du finn her ei liste over alle tilgjengelege «penslar» og ei førehandsvising av den valde penselen.
Innstillingane for fanen «Pensel»
Den lille glidebrytaren vert brukt for å velje gammaverdi for den valde penselen. Gammaverdiane påverkar lysverdien i midttonene i biletet.
Det er også råd å bruke eigne bilete som penslar. Einaste kravet er at biletet må vere synleg på skjermen før du opnar filteret. Naturlegvis bør slike bilete ver nokså små for å få ein brukbar effekt.
Dersom biletet du bruker har fleire biletlag, vert kvart av desse vist i utvalslista, og i førehandsvisinga dersom laget er aktivert og kan verta brukt som pensel.
Du kan lagra den valde penselen ved å trykke på knappen
.Denne glidebrytaren vert brukt for å bestemma forholdet mellom høgde og breidde for penselen. Den minste verdien (-1,0) set penselen til full horisontal breidde og neste ikkje høgde. Maksimalverdien (1,0) gjer penselen mykje høgare i høve til breidda. Forandringane vert viste i førehandsvisinga.
Her bestemmer du mengda av farge for kvart strøk. Høge verdiar kan gi ein effekt av å legge på maling med palettkniv.
Dei innstillingane som påverkar orienteringa av penselstrøka er samla i denne fanen. Ved å variera strøkretninga vert biletet meir likt slik ein kunstmalar gjer det.
Innstillingane for fanen «Orientering»
Her bestemmer du kor mange gonger penselen skal passera eit punkt med ulik strøkretning kvar gong. Resultatet vert eit tykkare malinglag.
Denne glidebrytaren bestemmer ikkje berre vinkelen for første strøket, men gjer denne vinkelen til hovudretninga for dei fleste strøka. Dette vert ofte brukt for å gi inntrykk av rørsle i biletet.
Definerer vinkelen, sektoren, for «vifta» i strøket.
Her vel du ut kva kriteriar som skal bestemma retninga på penselstrøka.
Retninga på penselstrøka vert bestemt ut frå lysverdien i området.
Avstanden frå biletsenteret bestemmer retninga på penselstroka.
Gir ei tilfeldig retning på penselstrøka.
Lat retninga frå biletsenteret bestemma retninga på penselstroka.
Eigentleg ikkje ei retning. Lager «svevande» penselstrok.
Retninga på penselstrøka vert bestemt ut frå kuløren i området.
Retninga på penselstrøka vert mest mogleg bestemt ut frå retningar i originalen.
Dersom du trykker på knappen retningskarthandteraren slik at du kan setje strøkretningane manuelt.
vil du få opp dialogen forI denne fanen er alle innstillingane som verkar inn på storleiken til penslane samla. Du kan også setje avgrensingar, og i tillegg velje kva som skal styre storleikane.
Innstillingane for fanen «Storleik»
Dei tre glidebrytarane bestemmer kor store penslane skal vere og kor mange ulike storleikar du kan ha i biletet.
Kor mange ulike penselstorleikar som skal vere i bruk.
Penslane vil få ein storleik mellom desse verdiane. Dess større storleik dess større vert breidda og lengda av strøka.
I denne tabellen vel du kva som skal styra storleiken på penselstrøka.
Storleiken vert bestemt ut frå lysverdien i området.
Lat avstanden frå biletsenteret bestemma storleiken på penselstroket.
Set ein tilfeldig storleik for kvart strøk.
La retninga frå biletsenteret bestemma storleiken på penselstroket.
Gjer at strøka følgjer eit «svevande» mønster.
Storleiken vert bestemt ut frå kuløren i området.
Vel den penselstorleiken som kjem nærast originalbiletet.
Dersom du trykker på knappen Retningskarthandteraren slik at du kan setje strøkretningane manuelt.
vil du få opp dialogen forI denne fanen kan du bestemme korleis penselstrøka skal fordelast i biletet.
Innstillingane for fanen «Plassering»
Når det gjeld måten å plassera penselstrøka på, har du to val:
Med dette valet vert penselstrøka fordelt tilfeldig i biletet. Dette gir ei meir realistisk teikning.
Plasserer stroka jamt utover biletet.
Bestemmer kor tett malinga skal vere. Med liten dekkevne vil papiret eller bakgrunnen vere synleg i område som ikkje er dekka av penselstrøk.
Konsentrer penselstrøka omkring sentrum av biletet.
Denne fanen vert brukt for å bestemme kva som skal styre penselfargen.
Fargeinnstillingar
Du kan setje strøkfargen på to måtar:
Penselfargen vert gjennomsnittet av alle pikslane under penselen.
Fargen vert bestemt ut frå pikselen under midten av penselen.
Her kan du setje til støy i fargen for å gjere han mindre homogen.
I denne fanen kan du bestemme kva som skal vere bakgrunnen i biletet. I tillegg styrer du også relieffverknaden for penselen frå denne fanen.
Generelle innstillingar
Det originale biletet vert brukt som bakgrunn.
Bruk kopi av teksturen i det valde papiret som bakgrunn.
Du kan velja farge for den einsfarga bakgrunnen ved å klikka på fargeknappen.
Bruker ein gjennomsiktig (transparent) bakgrunn. Bare dei malte penselstrøka vil vere synlege. Dette valet er berre tilgjengeleg dersom biletet har ein alfakanal.
Dersom denne er slått på, vert det teikna ein smal kant rundt penselstrøket.
Dersom denne er aktivert, kan biletet flisleggast utan synlege saumar mellom bileta. (Flislegging er å legge mange kopiar av biletet ved sida og over kvarandre for å dekke eit større område). Høgresida vil passe til venstresida og botnen til toppen. Dette er spesielt nyttig dersom du bruker biletet som bakgrunn på ei nettside.
Legg ein skyggeeffekt til penselstrøka.
Denne glidebrytaren bestemmer kor mykje kanten av strøket skal gjerast mørkare for kvart strok. Ein høg verdi gjer at relieffverknaden av strøka vert større.
Denne glidebrytaren bestemmer kor mykje skyggen av strøket skal gjerast mørkare for kvart strok.
Denne glidebrytaren bestemmer kor langt ut frå objektet skyggen skal nå.
Denne glidebrytaren bestemmer kor mykje skyggen skal slørast.
Dette er ein grenseverdi for kor store avvik som skal føre til reaksjonar der valet av m.a. penselstorleikar vert bestemt ut frå andre verdiar i biletet.
Retningskartbehandlaren er ein del av filteret GIMPressionist og kjem fram når du klikar på knappen i fanen Orientering i dette fiteret. Handteraren vert brukt til å bestemma retninga for malingstrøka i filteret.
Det er råd å setje inn ein eller fleire såkalla «vektorar» som vil vere verksame på det tilsvarande området i biletet. Du kan bestemma både retninga og styrken for kvar enkelt vektor.
Det venstre vindauget (Vektorar) vert brukt for å handsama vektorane. Når du opnar dialogvindauget er det normalt sett inn ein vektor i sentrum av biletet. Ein gjeldande vektor er farga raud, dei andre vektorane er grå. Spissen (ankerpunktet) av vektoren er markert med ein kvit prikk.
Du kan legge til ein vektor i midten av biletet ved å klikke på knappen
. Klikk med den for å flytte vektoren til der du klikka.Dersom du klikkar på den
, vert den aktive vektoren flytt til dit musemarkøren er plassert.Dersom du klikkar på den
vil den aktive vektoren peike til dit musemarkøren er plassert.Du kan flytter fokus til neste vektor ved hjelp av knappane
og .Trykk på knappen
for å fjerna den markerte vektoren.Tips | |
---|---|
Rulleknappen til høgre for vektorpanelet vert brukt for å setje lysstyrken på biletet. Bruk denne dersom det er vanskeleg å sjå vektorane. |
Dette er ikkje ei vanleg førehandsvising, men gir eit inntrykk av korleis vektorane verkar inn på biletet.
Dette er ulike måtar å påverka området rundt den aktive vektoren på. Verknaden vert vist i førehandsvisinga, og er for kompleks til å kunne beskrivast på fornuftig vis.
Eit «Voronoi-diagram» deler eit plan med n hovudpunkt inn i n polygon der kvart polygon inneheld eitt av dei n hovudpunkta. Dei andre punkta i polygonet er nærare dette hovudpunktet enn dei andre hovudpunkta. Grensa for polygonet er altså halvvegs mellom to hovudpunkt. Her er eit eksempel på eit voronoidiagram:
Når det er avmerka for dette valet, vil berre den vektoren som er nærast eit gitt punkt påverke dette punktet.
Retninga til den aktive vektoren. Verknaden er den same som når du klikkar med den
nemnd ovanfor.Med denne glidebrytaren forandrar du vinkelen til alle vektorane samstundes.
Med denne glidebrytaren bestemmer du styrken til den aktive vektoren. Styrken avgjer kor mykje vektoren skal påverka nærliggande vektorar, og avtar med avstanden. Lengda på vektoren viser styrken.
Denne glidebrytaren styrer lengda på alle vektorane samstundes og endrar såleis styrken på penselstroka.
Storleikshandteraren er ein del av filteret GIMPressionist og kjem fram når du klikkar på knappen i fanen Storleik i innstillingane for dette fiteret. Handteraren vert brukt til å bestemma storleiken på malingstrøka i filteret.
Det er råd å setje inn ein eller fleire vektorar som vil vere verksame på det tilsvarande området i biletet. Du kan bestemma styrken for kvar enkelt vektor.
Dette vindauget vert brukt for å plassere vektorane. Ved å klikke på knappen
vert det sett inn ein vektor i sentrum av biletet. Når du klikker på den midtre museknappen vert vektoren flytt til der du klikka. Den aktive vektoren er raudfarga med eit kvitt punkt i den eine enden, dei andre vektorane er farga grå.Dersom du klikkar på den
, vert den aktive vektoren flytt til dit musemarkøren er plassert.Klikk med den
har ingen verknad.Du kan flytter fokus til neste vektor ved hjelp av knappane
og .Klikk på knappen
for å slette den aktive vektoren.Tips | |
---|---|
Rulleknappen til høgre for vektorpanelet vert brukt for å setje lysstyrken på biletet. Bruk denne dersom det er vanskeleg å sjå vektorane. |
Dette er ikkje ei vanleg førehandsvising, men viser reint skjematisk korleis vektorane verkar inn på biletet. Storleiken på firkantane viser penselstorleiken og penselstyrken.
Her bestemmer du kor store penselstrøka skal vere i det valde sektorområdet.
Med denne glidebrytaren bestemmer du styrken til den aktive vektoren. Styrken avgjer kor mykje vektoren skal påverka nærliggande område, og avtar med avstanden.
Endrar eksponenten for styrken på penselstrøket.
Sjå under Retningskarthandterareen for ei nærare forklaring.