8.39. Fargeovergangskart

8.39.1. Oversyn

Figur 16.189. Eksempel på fargeovergangskart

Eksempel på fargeovergangskart

Eksempel på bruk av fargeovergangskart. Øvst: det opphavlege biletet. I midten: ein fargeovergang. Nedst: resultatet av å leggja fargeovergangen til biletet ved hjelp av filteret «Frå fargeovergang».


Dette filteret brukar den gjeldande fargeovergangen, den som er vist i verktøykassa, for å fargeleggja det gjeldande laget eller det gjeldande utvalet i biletet. Når du vil bruka filteret, hentar du først ein høveleg fargeovergang med dialogvindauget fargeovergangar. Deretter markerer du det området du ønskjer å forandra, og endeleg opnar du filteret. Dette filteret viser ingen dialogvindauge eller andre innstillingar, men køyrer automatisk. Filteret brukar lysverdiane i målbiletet slik at dei mørkaste områda får farge frå den venstre enden av overgangen, og dei lysaste områda frå den høgre sida. Pikslar med mellomliggande verdiar får dei mellomliggande fargane.

8.39.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til filteret frå hovudmenyen via FargarKartFargeovergangskart.