8.40. Fargelegg frå palett

8.40.1. Oversyn

Dette programtillegget byter ut fargane i biletet med fargar frå den aktive paletten vald via Palettdialogvindauget.

Kvar piksel i teikneområdet (laget, utvalet o.l.) får farge frå den gjeldande paletten ved at filteret reknar ut fargegløden for kvar piksel og brukar denne verdien for å henta den fargen som har tilsvarande indeksnummer i paletten. Ein svart piksel i biletet vil såleis få den første fargen i paletten, medan ein kvit piksel vil få den siste fargen. Filteret arbeider både på gråskala- og RGB-bilete, med og utan alfakanal.

8.40.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til filteret frå hovudmenyen via FargarKartPalettkart.

8.40.3. Eksempel

Figur 16.206. Den aktive paletten avbilda på ein fargeovergang

Den aktive paletten avbilda på ein fargeovergang

Den gjeldande paletten med 18 fargar

Den aktive paletten avbilda på ein fargeovergang

Til venstre originalbiletet, til høgre etter bruk av «Fargelegg frå palett».